Birthe brenn for kreative fag

— Eg får mange nye idear og impulsar, som kan koplast til min kvardag som lærar, seier masterstudent Birthe Duesund Nilsen.

Namn: Birthe Duesund Nilsen (41)
Kjem frå: Kvam i Hardanger
Utdanning: Master i kunstfag, med studieretning kunst og håndverk
Campus: Stord

Lærar Birthe Duesund Nilsen brenn for kreative fag, og ser på dette som ein svært viktig del av skulen.

— Eg meiner at kreative fag fortener høgare status og meir kompetanse, seier ho.

Utvikle seg

Birthe går master i kreative fag og læreprosessar, som saman med andre tidlegare masterutdanningar ved HVL no har blitt til master i kunstfag - med spesialisering innan kunst og handverk. Ho er busett i Bergen og jobbar som lærar innan kreative fag på ein ungdomsskule der.

— Eg fekk høyre om studiet frå to kollegaer som tilrådde det varmt. Det verka veldig spennande. Eg har lenge hatt eit ønske om å vidareutvikle meg innan kunst og handverk, kreative fag, seier ho.

41-åringen balanserer no jobb, studie og familieliv. Masterutdanninga er samlingsbasert, som betyr at Birthe reiser til Stord og er der nokre dagar, rundt tre gangar i semesteret.

— Det er veldig koseleg på campus. Eit flott bygg, dyktige lærarar og ei god kantine. Stord her fleire koselege etestadar og eit passe stort sentrum. I tillegg til fin natur ved skulen, seier ho.

Å skapa noko

Det kjekkaste med studiet synast ho er å kunne vere kreativt skapande, samt det sosiale samhaldet med medstudentane.

— Dei to første åra var det mykje praktisk og skapande arbeid. Til dømes teikning, skulptur i landskap, rasjonelt arbeid med medstudentar, foto, valfritt prosjekt og performance - med teori knytt til dette, fortel ho.

På spørsmål om kva som er det mest utfordrande med studiet, svarar ho at det er å lese og skrive til tider tung teori. Samt det å balansere jobb, familieliv og studiar.

— Brenn for tverrfaglegheit

— Kva drøymer du om å jobbe med i framtida?

— Vanskeleg spørsmål. Eg vil i alle fall jobbe med noko kreativt knytt til skule. Kanskje jobbe med læringsressursar og vidareutvikling av faget kunst og handverk, og skule generelt. Eg brenn for tverrfaglegheit og for å få dette meir inn i skulen. Eg vil også halde fram med å undervise i kreative fag, svarer Birthe.

— Vil du anbefale studiet til andre?

— Ja, eg synast det har vore utruleg lærerikt og spennande å utvikle meg innan kreative fag. Eg får mange nye idear og impulsar, som kan koplast til min kvardag som lærar. I tillegg til meir kjøt på beinet og meir teoretisk tyngde.

Ønsker du å ta en masterutdanning i kunst og håndverk, drama, musikk eller barne- og ungdomslitteratur? Velg en praksisnær og samlingsbasert master i kunstfag!