Flytta for volleyball -enda med praksis i Tibber

Jonas flytta til Førde for å spele volleyball, men valde å bli igjen for å studere informasjonsteknologi.

Navn: Jonas Van Weert
Campus: Førde
Utdanning: Bachelor i informasjonsteknologi

– Det verka spennande å kunne utvikle noko heilt sjølv. Får eg ein ide om ei programvare som kan hjelpe andre, så kan eg berre lage det sjølv. Eg tenkte også at det var lurt å velje informasjonsteknologi fordi ein har så mange jobbmoglegheiter etterpå. Nær sagt alle bransjar etterspør stadig meir IT-kompetanse.

23-åringen frå Ålesund har lagt volleyballkarrieren på hylla, men har funne andre ting å gjere på fritida.   

– Det beste med å bu i Førde er at det er kort veg til natur og at det er ein mindre by. Eg er blitt ganske glad i fisking i det siste, og Førdefjorden er ein veldig fin fjord å fiske i.

Praksis i Tibber

Korleis er studiet lagt opp?

– Dei første fire semestera lærer vi det grunnleggande innan programvareutvikling og matematikk. I femte og sjette semester kan ein reise på utveksling eller spesialisere seg innan web og mobilteknologi, programutvikling og drift av datasystem. I Førde kan vi også ta valfag som Intelligente robotar, praksis i arbeidslivet og engelsk språk og kultur.

Jonas har sjølv hatt praksis i Tibber, eit digitalt straumselskap med hovudkontor i Førde.

– I Tibber fekk eg tildelt eit eige prosjekt der eg skulle utvikle ein webapplikasjon. Eg lærte veldig mykje og blei meir sjølvstendig som utviklar. Dette valfaget anbefalast for alle!

Tar du teknologiutdanning i Førde kan du også få relevant jobb mens du studerer.

Eigne prosjekt på si

Kva er det kjekkaste med studiet?

– Det kjekkaste er at når ein har lært det grunnleggande, kan ein eigentleg utvikle det ein vil om ein gir litt innsats. Ved sida av studiet har eg hatt nokre mindre prosjekt for meg sjølv. Dette anbefalast for å halde motivasjonen oppe undervegs. Då får du også brukt det du lærer med ein gong.

Jonas hadde ingen erfaring med programmering frå før, og seier det var krevjande å forstå alt i starten.

– Det tok litt tid, men når forståinga begynte å komme, så vart alt mykje enklare.

Kva ynskjer du å jobbe med når du er ferdig?

– Studiet er ganske breitt, og vi lærer det grunnleggande innan IT. Eg ynskjer å jobbe innafor utvikling av løysingar generelt, men er eigentleg open for det meste.

Vil du anbefale studiet til andre?

– Absolutt! No når eg nærmar meg slutten av studiet føler eg at det ikkje er noko spesiell grense for kva ein kan utvikle. Det einaste ein treng er ein ide, og litt motivasjon.

Jonas seier at studiet kan vere lurt å velje dersom ein er usikker på kva ein vil bli.

– IT kan kombinerast med mange andre studium. IT-kompetanse er aldri dumt, verda blir jo meir og meir digital.

Høyrest bachelor i informasjonsteknologi ut som noko for deg? Les meir på studiesida.