– Historie er relevant uansett kva ein skal arbeida med

– Ei viktig oppgåve for museet er å formidla historie til barn og ungdom. Da må ein også relatere fortida til vår eiga tid, seier Mari Sofie Sandvik som er formidlingsleiar ved De Heibergske Samlinger.

Mari Sofie Sandvik

Mari Sofie Sandvik er formidlingsleiar ved De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. Ho skreiv bacherloroppgåva si om «Utvikling av historiebevisstheit hjå born i barnehagen: Bruk av museumsgjenstandar, og samanhengen mellom teori og praksis» i 2010.

Me hadde mange gode samtalar og eit veldig godt miljø på historie.

Mari Sofie Sandvik

Sandvik studerte samfunnsfag og historie i Sogndal. Etterpå tok ho masterutdanning i historie ved Universitetet i Bergen.

– Eg byrja først på årsstudium i samfunnsfag, men syntest det var så kjekt med historie at eg valde å melde overgang til bachelor i historie.

– Det eg huskar best frå studietida i Sogndal var nærleiken mellom studentane og forelesarane. Det var små klassar, noko som gjorde at det var lettare å bli sett og få hjelp. Samstundes hadde me også mange gode samtalar og eit veldig godt miljø på historie. Me hadde også god kontakt med dei på sosiologi.

Arbeidet på museum inneber at ho får brukt utdanninga si på mange forskjellege måtar dagleg.

– Ein sentral tanke innafor museumssektoren er dei fire f-ane – forvaltning, forsking, formidling og fornying. Eit museum har ikkje berre eit ansvar for å ta vare på og formidla den materielle kulturen, men også den immaterielle. Til dømes handlar det om å formidla gamle tradisjonar eller arbeidsmetodar til barn og ungdom. Det er også eit mål at musea skal driva med forsking. I tillegg til dette er det eit kontinuerleg arbeid med å fornya utstillingane. Arbeid på museum er som ein kan forstå svært allsidig.

Sandvik tenker at historie er relevant uansett kva ein skal arbeida med.

– Historie gir innsikt i og kunnskap om samfunn, noko som gjer ein i stand til å sjå samanhengar. På eit museum er det særs relevant, mange av mine kollegar har historie i fagkrinsen. Ofte kan ein læra mykje av historia, særskild gjeld det mange av dei utfordringar våre eigne samfunn står ovanfor. Ei viktig oppgåve for museet er å formidla historie til barn og ungdom. Da må ein også relatera fortida til vår eiga tid.

Kan dette vere eit studium for deg? Les mer om bachelor i historie