Thea gikk frå økonomi til musikk
Årsstudiet i musikk på Stord fekk Thea Josefine på rett spor. No søkjer ho seg vidare, og planane er å kunne leve av å skrive låtar og produsere musikk.
- Thea Josefine Tveit Gramshaug (21)
- Kjem frå: Stavanger
- Studerer på Stord
- Årsstudium i musikk
Ho kjem smilande inn i kantina på campus Stord. Det er fredag, og det er fridagen hennar. Men resten av veka sit ho i klasseromma og lærer seg alt frå rytme til notar. Thea Josefine valde Stord fordi ho syntest årsstudiet i musikk var spennande.
– Eg byrja på økonomi i Drammen, men etter eit halvt år såg eg at dette ikkje var noko for meg.
Eit år på folkehøgskule i Sandefjord gjorde henne sikrare. Å studere musikk var det ho ville gjere.
– Eg hadde ikkje noko forkunnskap. Eg likte å syngje, men eg kunne ikkje notar eller spela nokon instrument. Så då tenkte eg at eit årsstudium kunne vere bra. Thea Josefine blei ekstra nysgjerrig på årsstudiumet i musikk på Stord.
– Då eg fann ut at vi skulle drive med utøvande musikk, visste eg at her ville eg studere. Det at vi skulle spela i band, noko eg ikkje hadde gjort før, og at vi skulle jobbe praktisk, overtydde meg.
Tolmodige lærarar
Året på HVL har gitt Thea Josefine mykje som ho kjem til å ta med seg vidare når ho skal studere musikk til hausten.
– Eg har vore utruleg heldig, for lærarane vi har her er veldig dyktige innanfor musikk, men dei er også veldig flinke til å lære bort. Dei er veldig tolmodige, og det høyrest kanskje klisjé ut å seie dette, men eg synes eg har nokre skikkeleg kule lærarar.

Ho er overraska over kva ho har fått til i løpet av året på Stord, og det er takka vere lærarane.

– Eg har lært meg å spela trommer, og eg trudde aldri at eg skulle få det til, så det har vore ein prøvelse for meg.
Det er mykje praktisk arbeid på studiet og mykje oppgåver, men Thea Josefine legg til at om ein trivst med å jobbe med musikk, er ikkje mengda oppgåver noko problem.
– Eg likar at her ser vi ein samanheng mellom teori og praksis. Vi hadde ei oppgåve der vi skulle fordjupe oss i ein sjanger. Eg fordjupa meg i pop, og då vi var ferdige, presenterte alle sjangeren for kvarandre. Du får eit heilt anna innblikk i musikken, og du lærer så utruleg mykje om sjangeren du ikkje kjenner til.
God overgang frå folkehøgskule til HVL
Thea Josefine er vant til å bu tett på campus. Då ho gjekk på folkehøgskulen i Sandefjord, budde ho på internat. No bur ho i studentbustadane på Stord, og her ifrå er det berre to til tre minutt å gå til klasserommet.
– Du lever tett på andre studentar, og miljøet er veldig bra.
Det er alltid noko å finne på, og ho seier sjølv at det minner om då ho gjekk på folkehøgskule.
– Her har vi eksamenar, og det er jo annleis, men elles trivst eg godt med at det ikkje er for mange elevar. Det er alltid eit ledig øvingsrom, så eg treng ikkje tenkje på at nokon andre treng det.
Quiz, «paint and sip», studentfester og studentorganisasjonar er det godt av, og dette gjer at ho trivst ekstra godt på Stord.
Hennar ønskje er å kunne jobbe med låtskriving, og ho søkjer seg no vidare til bachelor i musikk. Det er framleis uklart kor ho skal studere.
Tekst: Siri Storesund Hansson.
Foto: Siri Storesund Hansson.
Les meir om studiet og Stord: