Musikkstudenter synger og spiller i øvingsrom

Musikk | årsstudium

Årsstudium

Eit årsstudium i musikk er ei moglegheit for utvikling av di musikkinteresse, uansett kva musikalsk bakgrunn du har. Du får mellom anna undervisning og eigenutvikling på eit sjølvvalt hovudinstrument, moglegheit til å utvikle deg i samspel, musikkformidling og å lage musikk sjølv. 

Årsstudiet i musikk inneheld prosjektarbeid, praktisk undervisning og innføring i teoretiske sider ved faget. Du får individuell undervisning i hovudinstrumentet ditt gjennom heile året, og får utfalde deg i studio, konsertsal og gode øvingsrom på campus.   

Eit årsstudium i musikk passar for deg som ynskjer å utvikle deg sjølv musikalsk, og deg som ynskjer å få eit ekstra undervisningsfag i grunnskulen. Studiet inneheld musikkdidaktikk og arbeidsmåtar som er aktuelle for grunnskule og andre musikkarenaer for barn og unge. 

Du lærer: 

  • om øving og korleis du kan utvikle deg sjølv musikalsk 
  • om samspel, komponering og arrangering 
  • om lytting, musikkhistorie og musikkteori  
  • å bruke musikkteknologiske verktøy  
  • om ulike musikksjangrar 
  • å legge til rette for musikkaktivitetar og musikkundervisning med barn og unge 

Faglærarane på musikk på Stord har til saman brei kompetanse innanfor utøvande og teoretiske fag og arbeider tett på studentane.

Sjå korleis det er å studere musikk på Stord!

Ser du ikkje videoen? Du må tillate marknadsføringscookiar for å spele av videoen. Endre cookieinnstillingar her

Ein av Noregs vakraste campus ligg på Stord!  Her kan du bu på sjølve campus og starte dagen med eit friskt morgonbad og ein rykande fersk kaffi i hagen.

Vil du studere meir?

Årsstudium i musikk kan etter søknad innpassast i grunnskolelærerutdanningane ved HVL, og lærarutdanning i praktiske og estetiske fag. Fullført årsstudium dannar grunnlag for vidare studium ved ulike utdanningsinstitusjonar nasjonalt og internasjonalt. Ta kontakt med oss for meir informasjon.