Fysioterapi endra livet til Audun.

No vil han hjelpe andre.

Eit enkelt val å skulle studere fysioterapi

– Eg blei fødd med klumpfot, som vil seie at det er ei feilstilling i foten. Det gjorde at eg sleit veldig med å gå tidleg i livet, seier Audun Syvertsen (21).

Heile barndommen blei han send på fysioterapi fem dagar i veka, måndag til fredag. 

– Eg vaks på ein måte opp på eit fysioterapiinstitutt og syntest eigentleg det var ganske kjipt å vere der, fortel Audun.

– Eg gjekk glipp av det å vere igjen på fotballbanen etter skulen og det å gjere aktivitetar med vennar.

– Men då eg blei litt eldre, skjønte eg at eg faktisk kunne spele fotball og gjere dei tinga, nettopp fordi eg hadde gått på fysioterapi.

– Då var det verdt det, og eg begynte å tenke at eg ville hjelpe andre på den måten eg har blitt hjelpt sjølv, seier Audun.

No er Audun ein over gjennomsnittet aktiv kar; han speler fotbal, klatrar, og han er med i HVL-studentlaget for padeltennis. I tillegg er han nestleiar i FysioBergen, organisasjonen for fysioterapistudentar ved HVL.

På studiet har han det som plomma i egget.

– Det er veldig lærerikt og kult! Eg er ganske interessert i å lære om korleis kroppen fungerer og korleis ein kan oppnå betre livskvalitet ved å trene og halde seg aktiv, seier den engasjerte studenten.

Til våren fullfører Audun bachelorgraden sin. Etter det vil han gå vidare med masterutdanning og spesialisere seg i fysioterapi for barn og unge.

Han anbefaler Høgskulen på Vestlandet og studentbyen Bergen på det sterkaste. 

– Eg kom hit som 18-åring. Eg var livredd, men eg blei tatt så godt imot. Det er opne armar overalt, smiler Audun.

– På studiet er det låg terskel for å spørje om ting, og det er godt samhald. Vi er rundt 100 i klassen, så det er stort, men ikkje stort.

Audun kan trygt tilråde fysioterapi, både som pasient og student.

– Eg trur ikkje eg hadde vore der eg er i dag, viss det ikkje hadde vore for fysioterapi, seier Audun.

– Eg anbefaler studiet på det sterkaste.

– Viss du er interessert i kroppen og aktivitet, og viss du har lyst til å studere eit yrke som er meiningsfylt, der du føler at du gjer noko for andre, trur eg absolutt fysioterapi er rette vegen å gå.

Tekst: Vetle Nordgård Mikkelsen
Bilde: Vetle Nordgård Mikkelsen og Ingvild Constance Festervoll Melien

Finn ut meir om utdanninga

Ein fysioterapeut som kjenner på ryggen til ein pasient.

Vil du lære mer om kroppen og bevegelse? Fysioterapeuter møter menneske i alle aldrer, for å fremme god helse og funksjon.