Jobbar for eit grønare vegnett i Vestland

Sigrid tok bachelor i geologi og master i Climate Change Management ved HVL. No jobbar ho med flaumsikring og reduksjon av utslepp på vegane i Vestland.

Namn: Sigrid Øien Helgheim
Kjem frå: Jølster i Sunnfjord
Utdanning: Bachelor i geologi og geofare, Master i Climate Change Management
Jobbar som: Rådgivar ved eininga for trafikktryggleik og berekraft i Vestland Fylkeskommune.

-Det beste med jobben er at eg er med på å gjere ein skilnad i klimaarbeidet til ein bransje som har hatt og framleis har, store klimagassutslepp. I tillegg får eg jobbe med mange ulike typar vegprosjekt, både i anleggsfasen og driftsfasen. Det siste er eg ekstra opptatt av, fordi eg meiner det er viktig å ta vare på det vi allereie har.  

Sigrid jobbar mykje med klimatilpassing. Det vil seie å sørge for at fylkesvegane toler konsekvensane av klimaendringane.

-I praksis handlar dette stort sett om flaumsikring, seier ho.  

Bildet til venstre er frå eit nedfall i Eikefjorden. Bildet til høgre er Sigrid som doumenterer eit avvik.  

Jobbar med å redusere utslepp

Drift og vedlikehald på vegnettet fører til store utslepp frå asfalt, betong og stål. I tillegg blir det brukt dieseldrivne maskiner og køyretøy. Sigrid jobbar  med å redusere desse utsleppa, noko som inneber ein del nybrottsarbeid. Ho jobbar blant anna med å utvikle eit kartleggingsverktøy for klimagassutslepp frå vegdrift, i samarbeid med andre fylkeskommunar.

-Ein anna del av arbeidet med utsleppsreduksjon er å la entreprenørane konkurrere på klima- og miljøvenlege løysingar, i tillegg til lågaste pris. Som ein av dei største byggherrane i Noreg har Vestland fylkeskommune stor påverknadskraft gjennom innkjøpa vi gjer. Når vi tildeler anleggsprosjekt til leverandørane med best løysing for klima og miljø, viser vi leverandørane at det lønnar seg å investere i ny teknologi. Slik er vi med på å drive teknologiutviklinga vidare.

Bachelor i geologi og master i klima - ein nyttig kombo

Sigrid ser på utdanninga frå HVL som svært nyttig for jobben ho gjer, og brukar det ho har lært kvar dag.  

-I den første jobben min som kontrollingeniør i fylkeskommunen var det svært nyttig med ein bakgrunn i geologi og geofare, ettersom skred, nedfall og flaum er svært reelle utfordringar ein møter innanfor vegdrift.

I hennar noverande jobb fortel ho at mastergraden i climate change management er høgst relevant, men særleg i kombinasjon med geologibacheloren. Svært mange av utfordringane knytt til skred og flaum har samanheng med vêr og klima.

 -Ei av dei største utfordringane vi møter er korleis vi skal balansere mellom ivaretaking av trafikktryggleik og beredskap på den eine sida, og klimatilpassing og utsleppsreduksjon på den andre sida.

Frå eit jordskred i Gjengedalen i Hyen der også massar frå undersida av vegen rasa ut slik at delar av vegbana hang i lause lufta.  

Sigrid vil varmt anbefale begge dei to utdanningane ho har tatt ved HVL.

-Geologistudiet gir ei veldig god og praktisk tilnærming til faget, og eg trur det er enklare å komme inn i arbeidslivet når ein har fått litt praktisk innføring i løpet av studietida. Mastergraden i Climate Change Management gir ei tverrfagleg tilnærming til fleire sider ved klimaendringane, korleis minimere dei og tilpasse oss dei endringane som kjem.

Kan dette vere eit studieum for deg? Les mer om Bachelor i geologi og geofare eller Master in Climate Change Management!