
Geologi og geofare
Bachelor
I vakre Sogndal, med kort veg til fjell, fjord og isbrear, har du eit perfekt utgangspunkt for å studere bachelor i geologi og geofare!
Kvifor studere geologi og geofare?
Geologi handlar om å forstå kva jordkloden består av, korleis den er blitt til og korleis den har utvikla seg. For å lære om dette brukar vi den storslåtte Vestlandsnaturen rundt campus Sogndal som klasserom.
Dette er ei praktisk retta geologiutdanning. Vi reiser på ekskursjonar og feltarbeid i nesten alle emner, noko som gir deg god innsikt i geologiske prosessar og metodar.
Geologi og geofare er den einaste bachelorutdanninga i Norge som har eit særleg fokus på geofare og geologiske problemstillingar i arealplanlegging.
Gjennom studiet lærer du om
- korleis jorda vår er bygd opp, og kva indre og ytre prosessar som skapar det landskapet vi ser i dag
- geofarar som skred, flaum, jordskjelv og tsunami, og korleis desse kan bli oppdaga og overvaka ved hjelp av moderne teknologi
- årsaker og omfang av naturlege og menneskeskapte klimaendringar
- korleis brear, snø og snøskred opptrer og utviklar seg
- geologiske verktøy som kart, GIS, GPS og geofysiske metodar
- geologiske ressursar som ulike mineral, lausmassar og vatn
- sentrale lovar og verkemiddel i norsk arealplanlegging, miljø- og naturforvaltning
Kva kan du jobbe med?
- Geologisk kartlegging av bergartar, lausmassar og brear
- Vurdering av samfunnssikkerheit knytta til skred, flom og klimatilpassing
- Utvinning og forvaltning av ressursar som olje, gass, metall, industrimineral og naturstein
- Kartlegging av vatnressursar og forurensing i sediment og grunnvatn
- Grunnundersøkelsar knytta til infrastrukturprosjekt (bygg, veg, tunnel, jernbane, vind- og vatnkraft)
- Areal- og samfunnsplanlegging
Lønn: Kva tener ein geolog?
Korleis er undervisninga?
Vi reiser på mange ekskursjonar og feltarbeid, der du lærer om geologi og geofarar i praksis. Du lærer også gjennom forelesingar, øvingar på geologilaben og ulike oppgåver.
I ein del emne har vi blokkundervisning, som betyr at vi jobbar med eit emne om gongen og avsluttar med eksamen, før vi begynner på neste emne.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 5. semester.
Kor kan du reise?
Australia | James Cook University
Canada | Trent University
Nederland | Wageningen University & Research (WUR)
Nederland | Van Hall Larenstein University of Applied Sciences (VHL)
Polen | Wroclaw University of Environmental and Life Sciences (WUELS)
USA | Beloit College
USA | California State University Monterey Bay (CSUMB)
Østerrike | University of Natural Resources and Life Sciences, Vienna (BOKU)