
Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur
Bachelor
Er du nysgjerrig på naturen, og vil påverke korleis vi utformar landskapet rundt oss? Då kan ein bachelor i landskapsplanlegging med landskapsarkitektur vere utdanninga for deg!
Kvifor studere landskapsplanlegging med landskapsarkitektur?
Du studerer i vakker vestlandsnatur på campus Sogndal, der vi er tett på bre, fjell og fjord. Vi brukar naturen som klasserom, og har mykje ekskursjonar og feltarbeid.
Landskapsplanlegging omfattar planlegging i alle typar landskap, frå fjell til kyst, frå verneområde til kvardagslandskap og frå jordbrukslandskap til tettstader og byar.
Gjennom studiet lærer du:
- om naturmangfald og kulturmiljø
- om økologiske samanhengar i landskapet
- å vurdere estetiske og økologiske konsekvensar av landskapsinngrep
- å bruke digitale kart og andre elektroniske verktøy
- å planlegge og forvalte tettstader og landskap
Utdanninga er tverrfagleg og yrkesretta, og kombinerer kunnskap om natur med forvaltnings- og planleggingsemne, inkludert landskapsarkitekturfag.
Kva kan du jobbe med?
- Som arealplanlegger innan kommune, fylkeskommune eller statleg sektor, for eksempel Statens vegvesen og NVE.
- Med plan-, analyse- og utgreiingsarbeid i privat sektor, blant anna i ingeniør- og konsulentfirma.
- Med landskapspleie og forvaltning av natur- og kulturmiljø.
Undervisningsmåtar
Vi har forelesingar, ekskursjonar, laboratorieøvingar, feltarbeid og prosjektarbeid.
Vi har blokkundervisning, det vil seie at vi jobbar med eit emne om gongen og avsluttar med eksamen, før vi begynner på neste emne.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 4. semester.
Kor kan du reise?
Australia | University of the Sunshine Coast (USC)
Canada | Trent University
Nederland | Van Hall Larenstein University of Applied Sciences (VHL)
Nederland | HAS Green Academy
Polen | Wroclaw University of Environmental and Life Sciences (WUELS)
USA | Augsburg University