
Climate Change Management
Master
Verda står overfor store klimautfordringar med meir ekstremver, flaum og skred. Master in Climate Change Management gir deg ein etterspurd og tverrfagleg kompetanse på korleis ein kan få til ei berekraftig omstilling og grønare åtferd.
Lurer du på noko om utdanninga?
Bli med på digitalt infomøte 22. mars!Kvifor studere Climate Change Management?
Med kort veg til fjord, fjell, isbrear og skred- og flaumutsett terreng,
er Sogndal det perfekte laboratoriet for å studere klimaendringar,
I Sogndal kjem du også tett på eit internasjonalt forskingsmiljø med brei kompetanse innan klima, natur og berekraft.
Vi ser på klimautfordringar og klimatilpassing gjennom ei holistisk tilnærming, der både naturvitskaplege og samfunnsvitskaplege perspektiv blir vektlagd. I masteroppgåva di kan du spesialisere deg innan eit tema du interesserer deg spesielt for.
Du lærer om
- klimaendringar, og korleis desse påverkar samfunn og økosystem
- samfunnsomstilling, klimapolitikk, forbrukaråtferd og sirkulærøkonomi
- klimamodellar og klimaprojeksjonar for å analysere og vurdere ulike framtidsscenario
- omstilling av energiproduksjon, energiforbruk og energisystem i ei klimavennleg retning
- nødvendige omsyn til blant anna skred og flaum i arealplanleggingsarbeid
- positive og negative samspeleffektar mellom klimaendringar, klimatiltak, naturkrise og berekraftig utvikling
- naturbaserte løysingar til klimautfordringar
Kva kan du jobbe med?
- Planleggar i offentleg sektor (innan kommune, region, vegvesen og fagdirektorat)
- Miljø-, klima- og energirådgivar i privat sektor, offentleg sektor eller i organisasjonar
- Forsking og undervisning
Eksempel på arbeidsoppgåver:
- Utvikling av strategiar og tiltak for å redusere utslepp av klimagassar
- Planlegging av kva areal som kan brukast til veg, jernbane og bustader
- Rådgiving om korleis areal bør vere utforma for å unngå skadelege effektar av flaum, skred og andre klimarelaterte hendingar.
- Forskings- og utviklingsaktivitetar retta mot klimaløysingar
Korleis er undervisninga?
Vi har forelesingar, ekskursjonar, feltarbeid, arbeid i laboratorium og prosjektarbeid.
Dette er ein internasjonal master med både norske og utanlandske studentar, noko som gir deg ein unik moglegheit for erfaringsutveksling. All undervisning er på engelsk. Du kan skrive masteroppgåva på norsk eller engelsk.
Vi har blokkundervisning, det vil seie at vi jobbar med eit emne om gongen og avsluttar med eksamen, før vi begynner på neste emne.
Utveksling
Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 2. semester. Her kan du fordjupe deg i eit emne du interesserer deg særleg for.
Kor kan du reise?
Island | University Centre of the Westfjords
Italia | University of Turin
Tyskland | Carl von Ossietzky University of Oldenburg
Tyskland | Bingen University of Applied Sciences