Vil utvikle morgondagens fotballspelarar

Håvard Øygarden (28) tok ein bachelor i idrett på campus Sogndal, med valfag i fotball. I dag er han hovudtrenar for eit fotballag i 3.divisjon. Draumen er å bli idrettslærar og utvikle morgondagens fotballspelarar.

Håvard kjem frå Ramnes i Tønsberg, men fann vegen til Sogndal då tida var inne for å studere . Han var allereie godt kjent med studieplassen gjennom familie.

– Det beste med å bu i Sogndal er at alt er så nært. Uansett kor du bur, har du kort avstand til både campus og sentrum. Fjell og fjord finn du like utanfor døra. Og sist, men ikkje minst, kort avstand til fotballbana.  

Lærerikt med praksisperiode

Håvard har alltid vore glad i idrett og fotball, og valet fall derfor naturleg på ei idrettsutdanning.

– Eg starta med ei bachelorutdanning innan idrett. Denne utdanninga hadde mykje variert undervisning. Det var teoretiske fag med undervisning i klasserom, men og fleire praktiske fag der vi var aktivt deltakande i undervisninga med fokus på det som finns av idrettar.

Kva er det beste med å studere idrettsfag?

– Det beste med bacheloren i idrett var for min del alle idrettane vi prøvde i løpet av studietida. Eg ser også tilbake på praksisperiodane som noko som var veldig gøy.

– Det å vere i praksis er lærerikt fordi du må ut i det ukjente, og gjennomføre øvingar med nye elevar i nye miljø. Det er jo som alt anna her i verda. Skal du bli god til noko, må du øve. Og det er jo ikkje annleis for ein kroppsøvingslærar, vi må også ut og øve.

Fotball som valfag 

Gjennom idrettsfaget fekk Håvard moglegheit til å ta valfag i fotball og gjennomføre eit trenarkurs.

–Trenarkurset gav meg verdifull erfaring gjennom praksis på feltet og tilbakemeldingar frå medstudentar og lærarar. Ei av øvingane var at eg skulle bli filma og ha på meg mikrofon under ei treningsøkt. Dette var spennande då ein kunne sjå og høyre seg sjølv, noko som førte til at eg i etterkant blei meir bevisst på veremåten min på treningsfeltet.

Gjennom høgskulen har Håvard og medstudentane også fått moglegheit til å bidra i prosjekt rundt toppfotballmiljøet i, noko som har gitt verdifull erfaring og gode referansar til  kva som skal til for å bli ein god fotballtrenar.

– Erfaringane mine frå høgskulen har i aller høgste grad bidratt til at eg har kunne utvikla meg så godt at eg har fått tillit til å bli hovudtrenar for Fjøra fotballklubb i 3.divisjon.

Kva ønskjer du å jobbe med når du er ferdig med studiet? 

– Eg har lyst til å bli lærar i den vidaregåande skulen. Eg håpar å få meg ein jobb ved ei idrettsfaglinje, med fokus på toppidrettsfotball.

Vil du anbefale andre å studere idrettsfag?

– Eg vil absolutt anbefale ein bachelor i idrettsfag til andre. Som student fekk vi veldig god kontakt med lærarane. Det var alltid  ei open dør, og lett å spørre om hjelp. Eg har framleis god kontakt med lærarane eg hadde.

Håvard tar i dag ein master i idrettsvitskap, og skriv masteroppgåve om fotball.

Vil du vite meir om idrettsutdanningane ved HVL? Finn meir informasjon om studia her.  

Trenarutdanninga Håvard har tatt ligg i dag i den nye bachelorutdanninga Idrett, trening og helse.