Elektrikar Juan kombinerer turnusjobb og bachelorutdanning
Ein elektroingeniør jobbar med store generatorar i kraftverk, robotar og kretskort til nettverksteknologi for framtidas nettverk. I Førde får Juan moglegheit til å fordjupe seg anten i automatisering med robotikk eller elkraft.
- Navn: Juan Ortega (43)
- Kjem frå: Alicante, Spania.
- Arbeider som: Elektrikar i oljeindustrien på verft
- Studerer: Elektroingeniør, deltid
- Campus Førde
Ved å ta ein bachelor på deltid med nett- og samlingsbasert undervisning, er det samling ein gong i månaden, noko som skapar god fleksibilitet.
Ei lang reise
Juan er frå Spania, men flytta til Noreg i 2018. Han er utdanna elektrikar og jobbar som elektrikar i offshore-næringa.
– Når ein flyttar til eit nytt land, startar ein heilt på nytt igjen. Eg har tatt både fagskoleutdanninga i prosjektleiing og 3D-modellering.
Han tok fagskoleutdanninga som nettstudium, så han er vand til å jobbe ved sida av å studere.

– Eg jobbar turnus, med 14 dagar på og 21 av. Så det er heilt optimalt å ha eit deltidsstudium ved sida av jobben.

Planane var først å studere maskiningeniør, men så kom HVL med eit nytt deltidsstudium i elektroingeniør i Førde.
– Det passar perfekt for meg. Eg er jo elektrikar, så det ligg i same fagretning.
Han meiner at god disiplin og motivasjon får han gjennom studiet.
– Når eg er på jobben, er eg 12 timar på. Så då har eg ikkje så mykje tid til studiar, men om eg klarar 1,5 time med studium, er eg fornøgd.
Men når han er av jobb, legg han opp studiedagen som ein vanleg arbeidsdag med 6–8 timar lesing.
Går TRES-semester
Ved HVL er det fleire måtar å kome seg inn på ingeniørstudiet om ein har tatt fagbrev, fagskole eller påbygg. Ein kan anten ta forkurs, realfagkurs, Y-veg eller TRES (tresemesterordninga). Alt kjem an på kva fag du manglar.
Juan hadde generell studiekompetanse frå fagskoleutdanninga. Difor søkte han seg inn på studiet med TRES-vegen. Han går då det same studieløpet som ein som har generell studiekompetanse med realfag, der han tar matte og fysikk medan han studerer.

– Vi hadde eit seks vekers mattekurs om sommaren før vi starta, og så har vi fysikk om hausten, der eksamen er i februar. Etter det følgjer du det same studieløpet som dei andre studentane.

Det var ei stund sidan Juan hadde hatt matte, og tempoet var raskt under dei seks vekene om sommaren. For han er det viktig å sette av tid til å studere og ha god disiplin under studietida slik at han kjem gjennom pensumet.
Positive tilbakemeldingar
Juan får mange gode tilbakemeldingar frå kollegaene sine, og dette er med på å heve motivasjonen hans.
– Dei fleste synest eg er modig som tar vidareutdanninga.
Han har også vener som har vist interesse for denne bacheloren.
– Om ein er utdanna elektrikar eller har fagskoleutdanning, er dette ei bachelorutdanning eg vil anbefale.
Juan har vore open om korleis det er å ta vidareutdanning, og han er aktiv på LinkedIn. Han håpar at hans innlegg kan inspirere andre til å gjere det same som han.
No har Juan flytta til Førde for å vere nærmare campus.
– Sidan eg jobbar offshore, har det ikkje noko å seie kvar eg bur i landet, så eg tenkte at det berre var positivt å flytte. I tillegg er det mykje billegare å leige bustad her enn i Oslo. Der er det veldig dyrt.
Han er svært positiv til å flytte til ein by som har alt, men som ikkje er altfor stor. At han er omringa av vakker natur, ser han på som eit kjempepluss.
Skrive av: Siri Storesund Hansson
Foto: Siri Storesund Hansson og privat
Les meir om studiet

