Campus Førde

Velkommen til vår campus i Førde! Her finn du praktisk info om campus og kart.

Lurer du på noko?

Servicetorget kan hjelpe deg med det meste!

Opent kvardagar kl. 08.00–15.30 (til 15.00 frå 15. mai til 15. september).

Opningstider

Hovudinngangen er open måndag til fredag mellom klokka 07.45 og 17.00.

Alle andre dører treng du adgangskort for å opne.

Tilsette har tilgang med adgangskort måndag til søndag mellom klokka 06.00 og 23.00.

Studentar har tilgang med adgangskort måndag til søndag mellom klokka 07.00 og 23.00.

Klikk for informasjon om avvikande opningstider.

Ser du ikkje videoen? Du må tillate marknadsføringscookiar for å spele av videoen. Endre cookieinnstillingar her

Finn fram på campus

I appen Mazemap får du kart over campus og hjelp til å finne fram til rom. Du kan laste ned appen på App Store og Google Play.

Mazemap finn du også på denne nettsida.

Møteplass ved evakuering: Førde

Nedre parkeringsplass, dvs. mellom høgskolebygget og Blåklokka.

Studere

I bibliotek- og læringssenteret er det arbeidsplassar med og utan datamaskiner og ikkje minst eit stort utval av bøker og fagtidsskrift. 

I resten av bygget finn du grupperom, ingeniørlabar og sjukepleiesenteret Florence.

Vil du reservere gruperom?

Book grupperom

Når du vil ta ein pause frå studia er det kort veg til kjellaren, der du finn studentkroa Akutten. Sandvolleyballbana og grillplassen på campus blir også mykje brukt, og er ei hyggeleg avkopling frå bøkene.

Bokskap

Du kan låne skap på campus. Bokskap finn du i Høgskulebygget. Ved slutten av kvart studieår skal hengelåsen fjernast og skapet tømmast. Ta kontakt med Servicetorget om du har spørsmål. 

Mat og drikke

Saman har kafe på campus og her kan du sjekke opningstidene. 

Teleslynge

  • 1. etasje i nybygget, auditorium Nordfjord

Campus Verftet

Campus Vertftet er eit nytt teknologisamarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og Fagskulen i Sogn og Fjordane. Her får studentane tilgang til topp moderne labbar innanfor robotikk, automasjon og elkraft. Studentane kjem tett på næringslivet og kan jobbe med oppgåver i nært samarbeid med framtidige arbeidsgjevarar.

Campus Verftet ligg på det gamle verftsområdet i Førde og skal vere ein regional arena for innovasjon og nyskaping. Det skal leggast til rette for innovasjon, både gjennom fysisk miljø og teoretisk kompetanse. Her håpar ein å kunne utvikle nye løysingar innan robotikk, automasjon, elkraft, bygg og helseteknologi.