Johannes tar kurset Prosjektledelse og prosess i Ølensvåg, eit steinkast frå arbeidsplassen.

- Det er heilt magisk å studere medan eg jobbar. Eg ser med ein gong korleis eg kan bruke kunnskapen, og slukar det me lærer, seier han. 

Audhild har alltid vore glad i å lære noko nytt, og greip sjansen då ho fekk høyre om moglegheita til å ta vidareutdanning i nærområdet. 

– Dette er eit svært nyttig kurs som ein kan bruke i alle typar prosjekt innanfor alle typar bransjar, seier ho. 

Kunnskap det er enkelt å omsette i kvardagen

- Kurset Prosjektledelse og prosess er den beste opplevinga eg har hatt når det kjem til læring, seier Johannes. 

Namn: Johannes Matre
Alder: 28
Kjem frå: Etne/Førde
Jobbar: Omega 365 Solutions 3i, Team Leader & Systems Engineer

Namn: Audhild Rygg
Alder: 40
Kjem frå: Etne
Jobbar: AutoStore AS, Vice President HSSE (HMS leiar)

Videreutdanninga er ein del av kurspakken Ledelse og forretningsutvikling, som er eit samarbeid mellom Medvind24 og Høgskulen på Vestlandet, der ein tilbyr samlingsbaserte kurs med studiepoeng i lokala til Medvind24 Næringshage i Ølensvåg.

Kurspakken består av korte, fleksible og frittståande kurs, der ein sjølv kan velje kor mange kurs ein vil ta. Gjennom kursa får studentane meir kompetanse innan mellom anna leiing, økonomi, det grøne skiftet og prosjektarbeid.

Verdifullt påfyll

Audhild jobbar som Vice President HSSE (HMS leiar) i AutoStore AS. Då ho fekk vite om den desentraliserte kurspakken i Ølensvåg, blei ho nysgjerrig.

-  I jobben min gjennomfører eg ein del interne prosjekt, der det gjerne handlar om endringar i måten me arbeider på, innføring av nye rutinar eller system, og mykje meir. Eg kjende at eg kunne tenke meg nokre verktøy for korleis eg burde strukturere arbeidet for å få best mogleg resultat av desse prosjekta.

Johannes jobbar med programvare og utvikling i Omega 365. Han kjente på aukande ansvar på jobb og at mykje energi gjekk til planlegging av prosjekt. Fleire på arbeidsplassen hans hadde tatt kurset tidlegare, og denne våren valte også han å melde seg opp. Det har han ikkje angra på.

– Eg har utvikla meg enormt på dei månadane eg har deltatt på kurset. Det treff med ambisjonane mine, og eg har fått enormt mange verktøy. Eg vil seie at dette passar både om ein er leiar, delleiar eller deltakar i eit prosjekt.

 

Hektisk kvardag + samlingsbaserte kurs = sant

For mange kan truleg vidareutdanning verke som eit kort som vil bikke kvardagskabalen til ikkje å gå opp. Men både Audhild og Johannes meiner at det er ein god kombinasjon, særleg når ein får spare dei mila det er til næraste campus. For Audhild minka det terskelen for å melde seg opp at kurset er nær både heim og jobb.

- Eg er heldig å ha ein arbeidsgjevar som støtta meg då eg la fram ønskje om å ta dette studiet, og dei dekker både studieavgift og studiedagar. Men det er ikkje til å stikke under stol at det har vore litt ekstra logistikk dei siste vekene med full jobb, eksamensskriving og oppfølging av to barn og deira aktivitetar. Det har ikkje skremd meg frå å ta fleire kurs som dette, men eg ventar nok med ein eventuell master til borna er ute av reiret.

Johannes legg ikkje skjul på at det er mykje logistikk i ein kvardag som «går i 100 km/t». Han er glad for at han har så kort veg til samlingane i kurset.

- Det har gått veldig fint å kombinere jobb og studium. Eg synst det er utruleg kult at ein får til dette her i Ølensvåg.  

Lystig læring og nyttig erfaringsdeling

Johannes og Audhild synst samlingane dei har hatt i Prosjektledelse og prosess har vore verdifulle på mange måtar og har begge allereie hatt stor nytte av det dei har lært.  

- Det har vore fantastisk. Me har hatt både gruppeoppgåver og konkurransar, glimt med humor og mykje latter under samlingane, seier Johannes.

– Me har hatt veldig kjekke samlingar, der me har fått lære mykje nytt og treffe kjekke medstudentar. Det har vore svært god stemning på desse samlingane, seier Audhild. 

Dei trekk begge fram at erfaringsdeling med andre deltakarar på kurset har vore interessant for dei. På spørsmål om å nemne noko konkret dei har lært som dei tar med seg vidare i sin kvardag, trekk Johannes fram kunnskap om planleggingsverktøy og prosjektmodell, og micromanaging. Han påpeiker også at han tar med seg viktigheita av å alltid begynne med å ha tillit til andre i jobbsamanheng.

Audhild seier at lærdom om korleis strukturere eit prosjekt er noko ho vil ta med seg vidare.

-  Ikkje minst det å fokusere på kva er det eigentleg er me vil ha ut av eit prosjekt, og passe på å ikkje miste dei måla og effektane av syne gjennom prosjektgjennomføringa. Det er lett å vurdere suksessen til prosjektet på om ein leverte på tid og kost, men dei viktigaste effektane ser ein gjerne ikkje før lenge etter prosjektet er ferdig. Det å snu den tankegongen var ei viktig påminning for min del i alle fall.

Dei rosar begge kurset og førelesarane, og meiner kurset gir kunnskap som det er enkelt å omsette i kvardagen.

Dei vil begge tilrå andre å ta vidareutdanning i Ledelse og forretningsutvikling.

- Eg vil absolutt anbefale dette kurset til andre, seier Johannes.

- Utan tvil! Dette er eit svært nyttig kurs som ein kan bruke i alle typar prosjekt innanfor alle typar bransjar, meiner Audhild.

- Eit forrykande sterkt næringsliv

Prosjektleiar og forretningsutviklar i Medvind24, Line Andersen, synest det er flott at dei saman med HVL kan tilby kurs til dei som jobbar i nærområdet.

- Vindafjord har eit forrykande sterkt næringsliv og det er supert at kompetansen kan byggast opp vidare her lokalt. HVL og Medvind har hatt møte med ulike bedrifter, og dei har fått komme med innspel på kurs som er ønska. Det har så langt blitt køyrt populære kurs med gode tilbakemeldingar.

Ho ser at særleg kurs om endrings- og prosjektledelse raskt blir fylt opp.

- Dette er jo kompetanse det stadig trengs påfyll av, ettersom tilsette beveger seg opp i eigen, eller over til andre bedrifter. Me ønskjer å halde på lokal kompetanse. Det er fint at ein slepp å reise langt for å fylle på med studiepoeng, men kan få dette her i Ølensvåg.

At delar av kurskostnadane er dekka av offentlege midlar via Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse trur ho også kan gjere det lettare for ulike bedrifter å sende sine tilsette på kurs.

Tekst: Ingvild R. Myklebust
Foto: Ingvild R. Myklebust og privat