Martin ble inspirert av filmen Iron Man
Martin har aldri tvilt på at han ønskjer å jobbe innan automasjon. No, etter tre år på HVL, har han fått kjenne på korleis det er å jobbe med det han trivst best med: robotar. På studiet elektroingeniør kan du i andre året spesialisere deg innan robotikk. Dette valde Martin å gjere.
- Martin Repvik Olsbø (23)
- Frå Rugsund i Sunnfjord
- Studerer elektroingeniør med spesialisering i robotikk
- Studerer ved campus Førde.
– Eg hadde høyrt at HVL har eit av landets beste robotikklaboratorium, og det spelte inn då eg valde å studere her. Vi er tett på medstudentar og lærarar, og praktisk undervisning har gjort at eg lærer mykje meir enn om undervisninga berre hadde vore teoretisk. Dette førebur meg betre til arbeidslivet.
Sommarkurset gav Martin eit innblikk i korleis studiemiljøet var i Førde, og han angrar ikkje på valet om å studere her. Sommarkurset er eit 6 veker langt kurs, der det blir undervist i R1 og R2-matematikk som er nødvendig for å ta ingeniørutdanning.
– Eg var veldig usikker på kva eg ville bli. Eg tok fagbrev i IT, og trivdes godt med å jobbe innanfor den greina.
Martin sin fascinasjon for robotar leia han til HVL, og det var spesielt éin film som gav han inspirasjonen han trong.
– Iron Man. Eg synest det var kult korleis karakteren jobbar med robotdrakta, og tenkte at dette vil eg også jobbe med.
Eit tett miljø
Då han tok forkurs for å få faga han mangla i Førde, fekk han ein smakebit av studiemiljøet i Førde.
– Det var ein veldig gøy sommar. Vi møttest ein gjeng oppe på nokre nye bustader ved campus. Alle var nye, og vi blei godt kjende med kvarandre.
Det blei ein sommar Martin aldri kjem til å gløyme, og då han held fram på studiet, fortsette vennskapet.
– Sjølv om det var mykje jobb, fann vi også på mykje gøy. Det er éin av grunnane til at eg treivst så godt med å studere ved campus Førde. Her var det lett å komme inn i ein vennegjeng og bli kjend, sidan vi ikkje var så mange i klassen.
Men det var ikkje berre den gode relasjonen til medstudentane som gav gode inntrykk for Martin.
– Vi er veldig tett på lærarane. Dei kjenner oss og gir tett oppfølging. Eg trur det er viktig. Eg er vand til små klasser frå då eg tok fagbrev, og eg trivst med det.
Tett opp mot jobb og praksis
Jobbmoglegheiter og næringslivet har vore tett på Martin gjennom utdanninga hans. Han har jobba to somrar på rad på robotikklaben ved campus Førde.
– Det har vore veldig lærerikt å vere der, og det har hjelpt meg med å førebu meg for semesteret.
Her har han fått jobbe med ulike prosjekt, frå bygging av robotar til programmering. Martin fekk eit godt inntrykk av korleis teori blei realisert i laben.
– I undervisninga lærte me ofte om det eg hadde jobba med om sommaren. Det er eit stort pluss for studentane å ha robotikklaben.
Martin føler at ein lærer mykje meir når ein jobbar praktisk.

No jobbar han og ein kompis med bacheloroppgåva, der dei prøvar å sjå på korleis to robotar kan kommunisere saman. Dei har fått moglegheita til å ta bacheloren ved ein bedrift i Førde og sitte på kontoret der.

– Eg har fått viktig innsikt i korleis bedrifta jobbar, og det er alltid gøy.
Til hausten ventar det ei masterutdanning ved NTNU for Martin. Han gler seg til nye utfordringar og seier at sjølv om han no skal gå på eit mykje større universitet, vil han alltid sette pris på dei tre åra han har hatt ved HVL Førde.
Tekst: Siri Storesund Hansson
Foto: Siri Storesund Hansson.

