– Filmen Iron Man var inspirasjonen min, eg vil også jobbe med robotikk.

Her på robotlaben i Førde får han jobbe med robotikk gjennom heile studieløpet.

Martin ble inspirert av filmen Iron Man

Martin har aldri tvilt på at han ønskjer å jobbe innan automasjon. No, etter tre år på HVL, har han fått kjenne på korleis det er å jobbe med det han trivst best med: robotar. På studiet elektroingeniør kan du i andre året spesialisere deg innan robotikk. Dette valde Martin å gjer.

– Eg hadde høyrt at HVL har eit av landets beste robotlaboratorium, og det spelte inn då eg valte å studere her. Vi er tett på medstudentar og lærarar, og praktisk undervisning har gjort at eg lærer mykje meir enn om undervisninga berre hadde vore teoretisk. Dette forbereder meg betre til arbeidslivet.

Sommarkurset ga Martin eit innblikk i korleis studiemiljøet var i Førde, og han angrar ikkje på valet om å studere her.  Sommarkurset er eit 6 veker langt kurs, der det vert undervist i R1 og R2-matematikk som er nødvendig for ingeniørstudiane.

– Eg var veldig usikker på kva eg ville bli. Eg tok fagbrev i IT, og trivdas godt med å jobbe innanfor den greina.

Hans fascinasjon for robotar leia han til HVL, og det var spesielt éin film som gav han inspirasjonen han trong.

– Iron Man. Eg synes det var kult korleis karakteren jobbar med robotdrakta, og tenkte dette vil eg også jobbe med.

Eit tett miljø

Då han tok forkurs for å få faga han mangla i Førde,  fekk han ein smakebit av studiemiljøet på campusen.

– Det var ein veldig gøy sommar. Vi møttest ein gjeng oppe på nokre nye bustader ved campus. Alle var nye, og vi blei godt kjende med kvarandre. Det blei ein sommar Martin aldri kjem til å gløyme, og då han held fram på studiet, fortsette vennskapet.

– Sjølv om det var mykje jobb, fann vi også på mykje gøy. Det er éin av grunnane til at eg treivst så godt med å studere ved campus Førde. Her var det lett å kome seg inn i ein vennegjeng og bli kjend då vi ikkje var så mange i klassen.

Men det var ikkje berre den gode relasjonen til medstudentane som gav gode inntrykk for Martin.

– Vi er veldig tett på lærarane. Dei kjenner oss også og gir tett oppfølging. Eg trur det er viktig. Eg er vand til små klasser frå då eg tok fagbrev, og eg trivst med det.

Tett opp mot jobb og praksis

Jobbmoglegheiter og næringslivet har vore tett på Martin gjennom utdanninga hans. Han har jobba to somrar på rad på robotlaben ved campus Førde.

– Det har vore veldig lærerikt å vere der, og det har hjelpt meg med å førebu meg for semesteret. Her har han fått jobbe med ulike prosjekt, frå bygging av robotar til programmering. Martin fekk eit godt inntrykk av korleis teori blei realisert i laben.

–  I undervisninga lærte me ofte om det eg hadde jobba med om sommaren. Det er eit stort pluss for studentane å ha robotlaben.

Martin føler at ein lærer mykje meir når ein jobbar praktisk.

No jobbar han og ein kompis med bacheloroppgåva, der dei prøvar å sjå på korleis to robotar kan kommunisere saman. Dei har fått moglegheita til å ta bacheloren ved ein bedrift i Førde og sitte på kontoret der.

– Eg har fått viktig innsikt i korleis bedrifta jobbar, og det er alltid gøy.

Til hausten ventar det ei masterutdanning ved NTNU for Martin. Han gler seg til nye utfordringar og seier at sjølv om han no skal gå på eit mykje større universitet, vil han alltid sette pris på dei tre åra han har hatt ved HVL i Førde.

Tekst: Siri Storesund Hansson.

Foto: Siri Storesund Hansson.

Les meri om studie og studielivet:

Vil du utvikle teknologi som formar framtida? Som elektroingeniør kan du jobbe med alt frå store generatorar i kraftverk, robotar og kretskort til nettverksteknologiar i framtidas Internett.

Velkommen til vår campus i Førde! Her finn du praktisk info om campus og kart.