Martine fekk tilbod om fast jobb eitt år før ho var ferdig utdanna. Den tidlegare HVL-studenten er ikkje aleine om å vere ettertrakta på jobbmarknaden.  

Ei fersk undersøking viser at heile ni av ti HVL-studentar er i jobb tre månadar etter fullført utdanning! Praksis i studiet var gull verd, meiner Martine. 

Martine fekk tilbod om fast jobb eitt år før ho var ferdig utdanna

Navn: Martine Lien
Jobbar som: Prosjektingeniør hos Framo Services
Har studert: Kjemiingeniør ved campus Bergen

Martine Fjellstad Lien visste tidleg at ho ville velje ei utdanning med gode jobbmoglegheiter. Ho studerte kjemiingeniør ved Høgskulen på Vestlandet, og arbeider i dag som prosjektingeniør hos Framo Services. Her har ho ansvar for planlegging og gjennomføring av installasjonar og service av pumper til havbruksnæringa.

– Jobben er både spennande og variert. Eg arbeider tverrfagleg og samarbeider med mange ulike menneske. Her lærer eg korleis tekniske komponentar fungerer, eller finn ut kvifor dei ikkje gjer det, fortel ho.

Kandidatundersøkinga 2025 viser at heile 67 prosent av dei som har studert ved HVL, fekk jobbtilbod før dei var ferdige med siste eksamen. Ytterlegare 21 prosent fekk jobb innan det var gått tre månader.

Martine opplevde at ho fekk godt innblikk i dei ulike retningane utdanninga kunne føre henne gjennom studiet.

- Gjennom utdanninga får ein kjennskap til både kjemiverda og prosessdelen, og ein kan velje programfag innan havbruk og biologi. Eg følte dette ville gi meg mange moglegheiter gjennom studietida, og eg kunne finne ut kva eg likte best og velje valfag ut i frå det, seier ho. 

 

Tett på arbeidslivet

Martine hadde fleire deltidsjobbar medan ho studerte. Ho hadde sommarjobb kvar sommar, både for å få arbeidserfaring og litt ekstra pengar å rutte med i studietida.

I starten var det klesbutikk og matbutikk, men etter kvart fekk ho sommarjobb på laboratoriet til Tine, som var meir relevant for utdanninga ho tok.  

Sommaren før tredje studieår fekk ho praksis hos SLB (tidlegare Schlumberger) gjennom eit valfag for kjemiingeniørar.

– Det var kjempegøy å vere i praksis hos dei, og det gav meg både motivasjon, erfaring og nettverk, fortel ho.

Ho trekkjer også fram korleis HVL legg til rette for kontakt med arbeidslivet.

– Tilsette var flinke til å hente inn tidlegare studentar som fortalde om jobben sin. Det gav oss innsikt i kva vi kunne jobbe med og skapte verdifulle kontaktar, fortel Lien.

Fann kjemien, endra retning i prosessen  

– I starten tenkte eg at kjemi var for meg, og hadde nokre sommarjobbar på laboratorium. Det førte til at eg allereie andre året mitt på studiet fekk signert ei fast jobbstilling hos SLB, som byrja etter studiet. Då var eg heilt sikker på at eg skulle fokusere på kjemidelen av studiet, for i denne stillinga jobba eg med kjemikaliar som blir brukt offshore.

Men då siste året kom byrja pilane å peike ei anna retning.  

– Eg enda opp med å skrive bacheloroppgåve som handla om pumpesystem offshore, Då fann eg ut at eg synst prosess var meir spennande og bestemte meg for å søke på ei prosesstilling etter enda studium, fortel Martine. 

Ho tok også eit havbruksfag som valfag, då ho synest oppdrettsnæringa verka spennande. 

Landa på Vestlandet

Martine er oppvaksen i Trondheim, og ville oppleve Vestlandet. Ho starta på eit anna studium først, før ho fann plassen sin på kjemiingeniørutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet. 

– Eg gjekk eitt år på UiB, og fann ut at studiet eg gjekk ga dårlege jobbmoglegheiter. Då oppdaga eg HVL, søkte der og fann plassen min. HVL er spesiell då dei har alle studieretningane på same campus, det sette eg pris på. Slik blir ein kjend med veldig mange ulike menneske, og ikkje nødvendigvis berre dei som studerer innanfor same grein som deg. 

Martine trekkjer også fram at høgskulen er moderne, med flott campus. 

- Når ein skal halde til veldig mange timar av livet sitt på ein stad, hjelper det på at campus er moderne med god kantine og fine lesestader. 

Martine blei verande i Bergen etter studia på grunn av jobbmoglegheitene i området, samt det sosiale. 

– Det er mange bedrifter som er relevante for meg i Bergen og på Vestlandet. Både offshore og oppdrettsnæringa er store her, så det er rett og slett fleire stillingar å søke på. I tillegg skapar ein jo ofte eit sosialt nettverk i løpet av studietida, og nå har eg mange venner her.

Nå vurderer Martine også å studere elektroingeniør på deltid ved HVL i Førde for å supplere med meir forståing for elektro, fortel ho.

Akvakultur, kundekontakt og skruing

Etter å ha jobba litt med kjemikaliar og litt som prosessingeniør i offshorebransjen, fekk Martine bruk for havbruksvalfaget ho tok. 

Nå er ho prosjektingeniør hos Framo Services på Akvakulturavdelinga. 

– Farmo er ein av verdas største pumpeleverandørar. Som prosjektingeniør har eg ansvar for planlegging og gjennomføring av installasjon, igangkøyring og service av pumper, fortel Martine.

Det er også henne kundane kontaktar når dei treng teknisk støtte.

– Det er ein veldig spennande og variert jobb med tverrfagleg arbeid. Eg er mykje i kontakt med andre menneske, koordinerer prosjekt og lærer om korleis tekniske komponentar fungerer eller finn ut kvifor dei ikkje fungerer. Eg får reise rundt og vere med på installasjonar og skru litt sjølv, noko som er supert for dei som lærer best ved å gjere i praksis, som meg.

Martine fortel at ho brukte all erfaringa ho hadde samla gjennom verv og jobb i studietida då ho skulle søke jobbar. Til dei som står på terskelen til å søke jobb, er hennar beste tips å bruke LinkedIn aktivt, og vise at ein verkeleg er interessert ved å ta direkte kontakt med verksemdene.

Kandidatundersøkinga 2025 og Høgskulen på Vestlandet

  • Kandidatundersøkinga 2025blei gjennomført av ideas2evidence i perioden 6. mars til 20. april 2025 på oppdrag frå Saman, Universitetet i Bergen (UiB), Norges Handelshøyskole (NHH) og Høgskulen på Vestlandet (HVL)
  • Her er lenke til rapporten
  • Undersøkinga rettar seg mot kandidatar som fullførte gradsgivande utdanning i 2023. Totalt 2 842 kandidatar svarte på undersøkinga.
  • Kandidatundersøkinga er bestilt av studentsamskipnaden Saman og utført av Ideas2Evidence.
  • Kvart år uteksaminerer Høgskulen på Vestlandet om lag 3500 kandidatar innan mellom anna helse og omsorg, skule og barnehage, økonomi, administrasjon og ingeniør.

Tekst: Ingvild R. Myklebust
Foto: HVL og private bilde

 

Finn ut meir om utdanninga

To studenter på en lab.

Er du opptatt av miljøutfordringane vi står overfor? Likar du realfag og teknologiske fag? Bli kjemiingeniør!