Morten gjekk frå fulltidsjobb til fulltidsstudium
- Morten Aunrønning (36)
- Kjem frå Melhus i Trøndelag, men har budd på Stord ei årrekke
- Studerer grunnskulelærar 5.-10.
– Det er noko heilt eige ved å vere på kunst-og-handverk-delen av campus, smiler Morten.
For snart tre år sidan bytte han ut fast jobb som røyrleggar med fulltidsstudium ved Høgskulen på Vestlandet.
– Eg var moden for å gjere noko anna, og eg hadde lyst til å jobbe med folk. Då syntest eg læraryrket verka både meiningsfullt og interessant, seier Morten.
Han spesialiserer seg innanfor kunst og handverk, og han storkoser seg.

For ikkje lenge sidan var dette skrinet nokre svære treplankar.

Dei har Morten skore til, pussa ned og sett saman. Resultatet er eit heimesnikra skrin som er både funksjonelt og flott.

Det skortar ikkje på høve til kreativ utfalding. Her viser Morten fram ei pute som han har tova ulla til sjølv.

Ved hjelp av ei nål har han fått fram eit motiv som nok er kjent for dei fleste.
–Det kjekkaste for min del er å utfordre seg sjølv på noko nytt. Eg har aldri jobba så godt med kunst og handverk før, seier Morten.
– Ein kjem så godt inn i det, og ein blir løfta fram av kvarandre. Det er eit veldig bra miljø her, legg han til.
Også faglærarane får gode skotsmål.
– Dei er utruleg flinke i sine fag, og dei er veldig gode på rettleiing, seier Morten.
Når tida kjem, skal Morten skriva masteroppgåve innanfor spesialpedagogikk med fordjuping i matematikk. I tillegg til spesialiseringa i kunst og handverk, har han nemleg valt seg matte.
– Kva gjorde at du valde akkurat den fagkombinasjonen?
– Eg ville ha to ulike arenaar å møte elevane på, forklarer han.

– Det er kanskje dei teoretisk sterke elevane som skin i mattetimane, medan andre elevgrupper kan skine i kunst og handverk, der ein kan jobbe meir med hendene, seier Morten.

– For å bli kjend med heile eleven, trur eg det er bra å møte dei på to så ulike arenaar.
Morten er svært fornøgd med det faglege opplegget i studiet. Han synest òg det er fleire fordelar med å studere på ein mindre campus.
– Vi er små kull, så vi får veldig god oppfølging. Og så blir ein veldig godt kjent med både medstudentane sine og studentar frå andre kull, seier Morten.
– Eg ville definitivt anbefalt å studere her!
Tekst: Vetle Nordgård Mikkelsen
Foto: Vetle Nordgård Mikkelsen og Falkeblikk
Les meir om studiet her: