Jobbar med å vekke leselyst hos barn og unge 

Oda synest det beste med jobben sin er når ho har skuleklassar på besøk og det blir rift blant elevane om bøkene ho har prata om.  

Namn: Oda Johnsen Longvanes
Alder:  32 år 
Kjem frå:  Sogndal
Campus: Bergen
Utdanning: Master i kunstfag - studieretningen barne- og ungdomslitteratur
Jobbar: Litteraturformidlar ved Laksevåg bibliotek 

- Det er også svært meiningsfullt når barn fortel at biblioteket er ein viktig møteplass for dei, seier Oda.  

Ho er utdanna lærar og tok master i barne- og ungdomslitteratur ved HVL. Etter fullført utdanningstudium følte ho seg godt rusta til å jobbe som litteraturformidlar for barn og unge.  

Variert arbeidskvardag 

Oda jobbar som litteraturformidlar for barn og unge på Laksevåg bibliotek, der ho har arbeida sidan 2020. Arbeidsoppgåvene hennar inneber mellom anna å halde kontakt med skulane i området, ta i mot skuleklassar på biblioteket, formidling av litteratur på nett og i sosiale medium samt i tillegg til å planlegge aktivitetar for barn og unge. 

- Er det noko du skulle ønskje at du visste før du byrja å jobbe? 

- Ein kan aldri bli ferdig utlært og det er alltid meir å lære, men med lærarutdanning og master i barne- og ungdomslitteratur følte eg meg faktisk svært eigna til denne jobben! 

Brukar kunnskap frå utdanninga dagleg 

Oda opplever at den innsikta ho fekk i forsking på barne- og ungdomslitteratur gjennom utdanninga på HVL gir henne fagleg tyngde i jobben.  

- Eg lærte mykje om litteraturformidling som eg bruker nesten dagleg. Til dømes korleis eg kan bruke drama i formidlinga. Vi hadde også mange interessante diskusjonar om kvalitet i barnelitteraturen, som er nyttig for meg i dag når eg vurderer bøker.  

Oda vil gjerne anbefale andre å studere barne- og ungdomslitteratur ved HVL.  

- Eg hadde to veldig fine år då eg studerte barne- og ungdomslitteratur, og vil anbefale det til andre som har lyst til å arbeide med barn, leselyst og formidling av barnelitteratur.