Frisk luft på pensum
- Mange tenker kanskje at det å vere barnehagelærar handlar mest om å passe på barn og gi dei mat. Men det er så mykje meir. Barnehagelæraren er ein skikkeleg viktig person for barna.
Namn: Shahed Salih
Kjem frå: Bømlo
Studerer: Barnehagelærar ved campus Stord
Shahed har så lenge ho kan hugse visst at ho har lyst til å jobbe med barn, og interesserer seg mellom anna særleg for barnepsykologi. Ho bestemte seg for å søke på studiar rett etter vidaregåande, og var ei stund i tenkeboksen før valet fall på barnehagelærar.
Shahed kjende seg ikkje heilt klar for å flytte heimanfrå, og la derfor inn søknad på barnehagelærarutdanninga på Stord.

-Eg hadde høyrt det var eit godt miljø der, noko eg vil seie stemte godt. Eg ville også gjerne gå på ein mindre campus. Eg kjente ingen før eg begynte på studiet, nå er me ein samansveisa, god gjeng.
Leik, omsorg og lesestund mellom trea
I studiet blir naturen ofte med inn i klasserommet, og klasserommet blir tatt ut i det fri, fortel Shahed.

- Det er mange fordelar med å vere så nær naturen som me er her på campus Stord. Me brukar den mykje i undervisinga, og særleg i faget natur, helse og rørsle.

På ein spasertur i den frodige hagen viser ho mellom anna fram ein lysning oppå ein liten haug mellom trea, der klassen har lesestunder når vêret speler på lag. Ho fortel også om mange praktiske oppgåver i studiet, som å lage handdokker og framføre skodespel ut i frå bøker.
Lærarar som lyttar
Shahed opplever at dei som underviser er lydhøyre for studentane sine meiningar og innspel, og at dagane er varierte.
- Lærarane tar veldig til seg det me studentar seier. Viss det til dømes er fint vêr ute, tar me undervisinga ute om mange ønskjer det. Ein dag var det ein lærar som nok såg at alle var litt sletne, og sa at «Nå leiker me gøymsel». Det gjorde me, og så var alle klare etterpå!

- Eg synest det er eit veldig fint miljø på studiet, og det er kjekt å komme på skulen kvar dag og møte menneske eg kjenner.
Praksis er det beste
Barnehagelærarstudiet har praksisperiodar kvart semester, og desse møta med arbeidslivet er noko av det beste med studiet, synest Shahed.
- Det kjekkaste med studiet er å komme ut å praktisere yrke og få oppleve kva eg kjem til når eg er ferdig utdanna. Til nå har eg vore i to barnehagar, og vore på avdelingar for ulike aldersgruppe. Praksisperiodane har vore utfordrande på ein god måte, og eg har mellom anna lært om å vere ein god leiar. Når ein pushar seg og utfordrar seg, kjem det noko godt ut av det. Eg har vore i mange fine miljø, og synest det har vore veldig kjekt å vere i praksis.
Shahed ønskjer å jobbe som pedagogisk leiar når ho er ferdig med barnehagelærarutdanninga. Ein pedagogisk leiar har hovudansvaret for læringa og trivselen til barna i barnehagen, i tillegg til å leie dei andre tilsette. Likevel er ho ikkje framand for at det blir meir utdanning etter kvart som ho finn ut kva ho vil ha meir kunnskap om.
Tekst: Ingvild R. Myklebust
Foto: Ingvild R. Myklebust og privat