Ville ta ei utdanning som er ettertrakta

Eit hav av moglegheiter etter fullført utdanning, og eit ønskje om å gjere ein forskjell for andre førte Oskar til sjukepleiarutdanninga i Førde.

Namn: Oskar Brattetaule
Alder: 23
Kjem frå: Radøy nord for Bergen
Campus: Førde
Studerer: Bachelor i sjukepleie

Som sjukepleiar møter ein menneske i alle livssituasjonar. Det å vere ein god støttespelar for andre når dei har det vanskeleg, set Oskar høgt.

- Eg er veldig glad i menneske, og ønskjer å gjere dagen til andre så bra som mogleg og gjere ein forskjell. Og som sjukepleiar kan du nettopp det, meiner Oskar.

Sjukepleie er ei utdanning som gir deg moglegheit til å jobbe innanfor mange ulike område. Det var også viktig for Oskar sitt val av studie. 

- Eg var sikker på at eg kom til å finne noko eg kjem til å trivast med, seier han. 

Fantastiske lærarar i Førde

Oskar har lagt bak seg sitt første semester, og fortel at han så langt i utdanninga mellom anna har vore innom anatomi, som handlar om korleis kroppen er bygd opp og fungerer.
- Det er ganske mykje å sette seg inn i, men her i Førde har me nokre fantastiske lærarar i anatomi som gjer alt for at me skal få det til, seier Oskar.
Han fortel vidare at også bakteriar og virus har stått på timeplanen, der studentane har fått lære meir om korleis ein kan stoppe smitte og om immunforsvaret.

- Me har også vore igjennom grunnleggande sjukepleie, der ein lærer det heilt grunnleggande ein bør kunne som sjukepleiar. Så her får du lære litt av alt.

Det beste med studiet til no meiner Oskar har vore å få meir kunnskap om korleis kroppen fungerer. 

- Det å vite korleis alt heng saman og samarbeider for at kroppen vår skal fungere, er ganske kult. Eg har fått eit større innblikk i kva ein kan gjere som sjukepleiar, og det har vore med på motivere meg til å fortsette dette løpet.

Knyter saman teori og praksis

Om lag 50 prosent av utdanninga i bachelor i sjukepleie er praksis. Oskar synest at smaken på yrkeslivet gir lesinga meir meining.

- Praksis har for meg så langt vore veldig lærerikt. Eg lærer mykje meir av å observere og stille spørsmål, enn å lese i bøker. Å vere i praksis og få eit bilde av jobben til ein sjukepleiar, gjer at lesinga gir meir meining, og eg kan sjå føre meg ulike situasjonar og pasientar når eg les. Det gjer at eg betre kan sjå samanhengen mellom teori og praksis.

Nærleik til natur og gode jobbmoglegheiter

For Oskar er studentlivet viktig, og at han føler seg heime der han studerer er avgjerande for hans læring og trivsel. Han hadde budd i Oslo og Kristiansand, var lei storbylivet og kjende Vestlandet kalle. Då han høyrte at ferdigutdanna sjukepleiarar var ettertrakta i Førde, sikta han seg inn på byen mellom fjord og fjell.

- At HVL har fleire studiestader ein kan velje mellom, gjer at ein kan finne den staden som passar best for seg. Førde er perfekt for min del, med fin natur, passeleg stor skule, tett forhold til lærarane og moglegheit til å engasjere seg. Det å gå på ein litt mindre skule der ein kjenner kvarandre igjen er noko eg set stor pris på. Det er også korte avstandar til det ein skulle ha lyst på, om det er natur eller kafé.

Oskar trur at somme kan kjenne på at det kan vere ein brå overgang frå vidaregåande skule til studie. Hans tips til kommande studentar er å ikkje vere redd for å spørje om hjelp, og sette av tid til å nyte studentlivet.
- Det er mykje ein skal gjennom på relativt kort tid. Så det å ikkje stresse med studiet heile tida, men også ha det kjekt og nyte studielivet er viktig. Det handlar om å finne ein god balanse, meiner Oskar.

- Det å vite korleis alt heng saman og samarbeider for at kroppen vår skal fungere, er ganske kult

Oskar Brattetaule

 

Kan jobbe med nesten alt mogleg

Oskar er førebels usikker på kva han vil gjere når han er ferdig med sjukepleiarstudiet. Han har allereie begynt å leike med tanken på å vidareutdanne seg innanfor det feltet han trivst best i, og vil gjerne ut å reise. Etter kvart ser Oskar føre seg ein jobb offshore, innan rehabilitering eller på sjukehus.

- Så ender eg sikkert opp ein heilt annan stad, og det seier litt om kva moglegheiter ein har.

Han vil gjerne anbefale bachelor i sjukepleie til andre, nettopp på grunn av alle moglegheitene utdanninga gir.

- Eg var usikker på kva eg skulle bli, og er framleis ikkje heilt sikker. Men som sjukepleiar kan du jobbe med nesten alt mogleg. Det gjorde valet mitt tryggare, for uansett kva eg skulle finne på, vil eg kunne finne noko eg trivst med. Eg har eit årsstudium i leiarskap og eit årsstudium i pedagogikk, og føler at eg kan ta det med meg inn i sjukepleiarutdanninga og har med det fleire moglegheiter når eg er ferdig.

Oskar vil ønskje alle lukke til med valet av studie.

- Ikkje ver redd for å velje feil eller bruke tid på å finne det rette studiet for deg, er Oskar si oppmoding.