Mari Eiriksson synest teiknspråk og tolking høyrdest kult ut.

Studiet viste seg å vere midt i blinken for henne.

No drøymer ho om å tolke på dei største scenene.

Mari starta tilfeldigvis på teiknspråk og tolking – fann draumestudiet

Mari Eiriksson valde eit lite studium, men drøymer stort. Ho ynskjer nemleg å vere tolk under Eurovision og Kjartan Lauritzen-konsert.

Namn: Mari Eiriksson
Kjem frå: Trondheim
Studerer: Teiknspråk og tolking
Campus: Bergen

Mari Eiriksson (27) har nyleg fullført bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking ved Høgskulen på Vestlandet.

Ho hadde ingen plan om å starte på denne utdanninga i utgangspunktet:

– Eigentleg var det heilt tilfeldig. Eg søkte restplass, så eg starta to veker etter dei andre i klassen. Eg synest eigentleg berre at det høyrdest kult ut.

Det siste året på vidaregåande skule hadde Mari og klassen ein tolk i klasserommet. Derfor var kanskje valet hennar meir bevisst enn ho tenkte over.

Korte dagar med undervisning

Det Mari likar best med studiet, er at det er så praktisk.

– Det er ikkje sånn «standard», at du berre sit og les og høyrer på ein førelesar. Det er mykje øvingar og praktisk arbeid.

Mari trekker fram at det er korte dagar på studiet, med berre tre timar undervisning. Studentane har ein eigen språklab på campus, der dei øver.

Jente med rødt hår sitter foran skjerm.Mari demonstrerer korleis studentane jobbar i språklaben på campus.

– Det er veldig mykje læraren viser i undervisninga, og så øver vi på kvarandre og får tilbakemeldingar.

Eitt emne som dei har alle tre åra, er tolking mellom norsk teiknspråk og norsk. Det første året lærer dei også om døve sin kultur og historie. Andre året lærer dei skrivetolking frå tale til tekst.

– Då sit du ved eit tastatur, og så sit den døve, eller den som har behov for tolkinga, ved ein skjerm. Og så skriv vi det vi høyrer. Det er direkte tolking, forklarar Mari.

Tredje året har studentane tolking med metoden «teikn som støtte til munnavlesing».

Det er ei tolkeform der ein tolkar frå talespråk til talespråk utan stemme, men med tydelege munnrørsler og teikn som støtte for dei viktigaste orda.

Fleire periodar med praksis

Mari fortel at dei også har fleire praksisperiodar på studiet.

– Andre studieår har vi to periodar som er observasjonspraksis. Då er vi hos ei tolketeneste, tolk på arbeidsplassen eller skule. Då følgjer vi med på kva tolkane gjer.

Ho fortel at dei også har praksis på Eikholt senter – eit ressurssenter for personar med kombinert sansetap, altså både syns- og høyrselshemming.

– Korleis synest du det var å få teste det i praksis?

– Det er jo litt skummelt. Eg skal ikkje legge skjul på det. Men det var veldig kjekt og lærerikt.

– Fin måte å møte andre studentar på

Det er eit lite miljø på teiknspråk og tolking, med berre sju avgangsstudentar dette året. Derfor vart det viktig for Mari å engasjere seg i studentmiljøet.

– Eg har vore veldig aktiv på Kronbar. Eg sat i styret der eitt år, og var nestleiar.

I tillegg har ho engasjert seg i studentkorpset Teknolikken, og i aktivitetsgruppa BTS Gummibåt.


– Det er absolutt ein fin måte å møte studentar frå andre studieprogram på. Vi er jo eit mindre studium. Eg vil verkeleg anbefale å engasjere seg i studentorganisasjonar for å danne nye vennskap.

Mari stortrivst i Bergen, og vil bli verande etter utdanninga. 27-åringen jobbar no som vikar som tolk på ein vidaregåande skule, og det har ho veldig lyst til å fortsette med.

– Eg trivst så godt. Det er hyggelege folk, og eg likar miljøet.

Ti personer med hvite T-skjorter står foran bygning.Mari har engasjert seg i styret hos Kronbar, ein bar som frivillige HVL-studentar driv.

Drøymer om å tolke i Eurovision

På spørsmål om kva som er draumejobben hennar, har ho eit tydeleg svar:

– Eg hadde elska å tolke Eurovision Song Contest eller konsertar. Det som er bra, er at dei brukar veldig mange døve til å tolke der. Men eg kunne godt tenke meg å vere inne i den «loopen».

– Dei dansar jo litt også?

– Ja, absolutt! Eg har sagt heile tida at eg har ein draum, og det er å tolke Kjartan Lauritzen-konsert. Det trur eg hadde vore kult. Vi får sjå. Kanskje det skjer!

Dame danser foran skjerm.Skjermdump frå NRK.

Godt samhald mellom studentane

Trønderen vil verkeleg anbefale utdanninga til andre, og ho meiner ho har vore heldig med sine medstudentar.

– Vi er gode vennar. Vi «backar» og støttar kvarandre. Det er ein liten kneik på studiet at du må våge å drite deg ut. Du står framfor folk. Då er det godt vi har kvarandre.

– Kva er det beste med å studere på HVL?

– Eg likar campusen her i Bergen og folka. Det er triveleg, seier ho.

Tekst: Marita Solheim
Foto: Marita Solheim / Privat

Finn ut meir om utdanninga

Studenter som kommuniserer på tegnspråk.

Teiknspråk og tolking passar for deg som er interessert i språk og kommunikasjon. Som tolk omset du mellom eit teikna og eit talt språk, eller mellom to teikna språk. Felles kommunikasjon er grunnleggjande for aktiv samfunnsdeltaking, og tolking er eitt av verktøya i denne samanheng.