
Praktisk info om campus Bergen
Velkommen til vårt campus på Kronstad, berre ni minutt med bybanen frå Bergen sentrum.
På campus er det mange spesialrom for utdanning, som laboratorium for ingeniørstudentar, øvingsrom for musikk og dans, og eit minisjukehus. Vi har eit nytt læringslaboratorium og ein idrettspark utstyrt med friidrettsanlegg. Men campus er ikkje laga berre for studia dine. I pausane kan du og vennene dine ta ein pust i bakken i ei av kantinene, i kaffibaren, eller berre sige ned i ein av godstolane i det flotte biblioteket vårt.
Du kan også ta deg ein digital rundtur på campus Bergen
Klikk her for å sjå deg rundt på Campus Bergen
Fleire av husa på campus var tidlegare verkstadar for jernbanen. Eit av husa er no campusbiblioteket vårt, eit anna er kantine, og eit tredje blitt til studenthuset med Kronbar.
Kva kan vi hjelpe med?
I 1. etasje i K2 finn du studentrådgivinga, som hjelper deg med spørsmål som angår studia dine. Her kan du få rettleiing om t.d. utveksling, praksis og eksamen. Du kan komme innom, eller du kan bestille tid for individuell rettleiing.
Du kan óg ta kontakt med servicetorget i 1. etasje i K1 for hjelp. Servicetorget kan hjelpe deg med praktiske gjeremål, som bl.a. studentkort, bokskap og innlevering av søknader.
Servicetorget kan óg hjelpe deg med tilkobling til det trådlause nettverket på høgskulen. I tillegg har vi IT-hjelp for studentar, som både kan hjelpe deg med dette og med andre IT-spørsmål.
Vakttelefon:
- Nokas beredskapstelefon: 333 98 971
- Vakttelefon i Bergen: 480 66 868
Opningstid og tilgang
Mat og drikke
Hovudkafeen i Bergen ligg i K1, og det same gjer kaffibaren Stasjonen.
Kafeen Sidesporet finn du i K2.
Campuskart
Finn romma på Kronstad
I appen Mazemap får du hjelp til å finne fram til rom på Kronstad. Du kan laste ned appen på App Store og Google Play. Mazemap finst også på nettsida use.mazemap.com.