
Bli fadder
Vil du vere med på ein fantastisk start på det nye studieåret i august? Då bør du melde deg som fadder!
Faddervekene skaper gode minne og sosiale band for nye studentar og for deg som er fadder. Vi ønskjer å skape engasjement og glede i studentmiljøet ved alle campusane våre. Dette treng vi di hjelp til å få til!
Som fadder spelar du ei viktig rolle for nye studentar. Du blir bindeleddet mellom dei nye studentane, HVL og studentmiljøet ved campusen din. Du vil tilbringe mykje tid saman med faddergruppa di. Du skal bidra til å skape ein trygg og inkluderande gruppekultur, vise gruppa rundt på campus og i nærmiljøet, og delta på sosiale aktivitetar og arrangement saman med fadderbarna.
Gjennom fadderskulen og anna opplegg for fadrane blir du godt kjent med dei andre som skal vere fadder, og du får verktøy til å gjere studiestarten så god som mogleg for dei nye studentane. Har du spørsmål til kva det vil seie å vere fadder, kan du ta kontakt med fadderstyret ved campusen din.
Studiestart for nye studentar ved HVL er 11. august.
Meld deg som fadder
- Bergen: Meld deg som fadder i Bergen
- Førde: Meld deg som fadder i Førde
- Haugesund: Meld deg som fadder i Haugesund
- Sogndal: Meld deg som fadder i Sogndal
- Stord: Meld deg som fadder på Stord
Har du spørsmål til kva det vil seie å vere fadder, kan du ta kontakt med fadderstyret ved campusen din:
- Bergen: fadderveka.bergen@hvl.no
- Førde: fadderveka.forde@hvl.no
- Haugesund: fadderveka.haugesund@hvl.no
- Sogndal: fadderveka.sogndal@hvl.no
- Stord: fadderveka.stord@hvl.no