
Fadderordninga
Gjennom fadderordninga og fadderveka gjer vi det vi kan for at du skal få ein god start på studietida. Som ny student blir du del av ei studiumvis faddergruppe, med ein 2. eller 3. årsstudent som fadder.
Dei første dagane vil du og faddergruppa di få omvisning på campus og på studiestaden din. Det blir ulike sosiale samlingar for faddergruppa, og samlingar for nye studentar. Vi oppfordrar deg til å ta del i mykje av det som skjer i faddergruppa og fadderveka, slik at du fort blir kjent med andre!