Velkommen som ny student ved campus Stord

Her finn du oppstartsinformasjon og program for studiestartveka. Vi gleder oss til å sjå deg på campus!

Studiestart hausten 2026 er måndag 10. august. Oppstartsarrangementet og resten av oppstartsveka er primært for nye studentar på bachelorprogram og årsstudium.

Program for oppstartsveka på Stord

Måndag 10. august

09.00–10.30: Nye studentar møter på campus. Dei blir møtt av fadrar og tilsette og går til klasseromma for si utdanning.

10.40–11.30: Velkomstseremoni i aula for studentar og tilsette, med talar og musikalsk innslag.

11.30–12.30: Matservering i vrimleareal for studentar, tilsette og fadrar. 

12.30–14.00: Fagleg opplegg som blir avslutta med at fadrane møter fadderbarna i klasseromma for info, inndeling og omvising. 

15.00: Saman inviterer til grilling på plattingen.

Tysdag 11. august

10.15–12.15: Fagleg opplegg

12.15–12.45: Lunsj og stands med Sjukepleiarforbundet og Fagforbundet

12.45–14.00: Forfattar Olav Schewe har føredrag om gode studieteknikkar. Forfattaren var sjølv ein heilt gjennomsnittleg student som ved hjelp av teknikkane, blei ein toppstudent ved Oxford. På kurset deler han alt du treng å vite for korleis også du kan lukkast med studiane.

Fadderaktivitetar:

  • Farmenlekene med Råmund

Onsdag 12. august

10.15–11.30: Fagleg opplegg

11.30–12.00: Lunsj

12.00–14.00: Fagleg opplegg

Fadderaktivitetar:

  • 18.00: Quiz i Aula med Studenttinget/AU.

Torsdag 13. august

10.15–11.45: Fagleg opplegg

11.45–12.15: Lunsj

12.15–13.15: God Start presentasjon v/Sammen. Servicetorget, Læringslab, studentorganisasjonar og studentdemokratiet presenterer seg.

13.15–14.00: Stands med fadrar. 

Fadderaktivitetar:

  • Byvandring
  • Konsert Arena

 

Fredag 14. august

10.15–11.30: Fagleg opplegg

11.30–12.00: Lunsj

12.00–14.00: Fagleg opplegg

Fadderaktivitetar:

  • Temafest saman med samfunnet.

Lørdag 15. august

Fadderaktivitetar:

  • Fest på Granheim, med samfunnet.

Søndag 16. august

Fadderaktivitetar:

  • Kino i aula

Sjekkliste for alle nye studentar

Følg sjekklista 'Gjer deg klar til studiestart', så får du rask tilgang til det du treng ved HVL.

Skal du ta PPU, master eller vidareutdanning?

Samlingsbaserte utdanningar, masterprogram og vidareutdanningar kan ha oppstart ein annan dag enn 10. august. Oppstartsinformasjon for vidareutdanningar, finn du på nettsida til vidareutdanninga du skal ta. Skal du begynne på ei utdanning som er samlinsbasert eller eit masterprogram, finn du oppstartsinformasjon her:

Studiestart for PPU og masterutdanningar

Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag | deltid
Digitalt oppstartsmøte: 18.8.2026 kl. 15.00-16.00
Sjå også informasjon om samlingar på nettsida for PPU yrkesfag

Er du ikkje ny student?

Er du allereie student hos oss? Frå 15. juni finn du tidspunkt for oppstart i timeplanen din. NB! Det kan bli endringar, så sjekk igjen veka før studiestart.

Få tak i pensum

Det er mogeleg å kjøpe pensumlitteratur lokalt ved Norli Ringo Amfi Stord og Ark Amfi Stord, som begge får pensumlister frå HVL. Det dei ikkje har i butikk, kan bestillast inn. Du finn også pensumbøker hos nettbokhandlarane, der Akademika får oversikter frå HVL.

I tillegg står Studenttinget for salg av brukte pensumbøker på campus. Bruktbokhylla finn du på BIB105 på biblioteket

Har du spørsmål eller vil du ha hjelp? 

Treng du hjelp med semesterregistrering, aktivering av brukerkonto eller multifaktor pålogging, kan chatboten vår hjelpe deg! Chatten heiter Mime, og du finn han nedst i hjørnet. Mime kan òg svare på andre spørsmål du har.

Du er òg velkommen til å ringe Servicetorget55 58 58 00 alle kvardagar mellom kl. 08:00 til 15:00.