Studiestart for masterutdanningar

Skal du starte på eit masterprogram hausten 2024? Her finn du informasjon om oppstart.

Oppstartsregistrering

Nokre utdanningar har ventelister. Då treng vi ein stadfesting frå deg ved studiestart, at du har tenkt å starte på utdanninga. Slik at vi kan gi plassen vidare om du har ombestemt deg. Du vil få meir informasjon om dette.

Tid for oppmøte

Vi gjer merksam på at det kan oppstå endringar, og at du bør sjekke oppmøtestad igjen kort tid før oppstart.

Bli med på fadderveka

Ver merksam på at studieprogram på masternivå normalt ikkje har faddergrupper. Har studieprogrammet ditt oppstart i veke 33, vil du likevel normalt kunne få fadderarmband og delta på aktivitetene.

Sjekk ut fadderordninga!