Vanlege spørsmål ved studiestart

Er du ny student ved Høgskulen på Vestlandet? Vi har samla ein del ofte stilte spørsmål om studiestart.

Må eg møte opp til studiestart?

Nei, det er ikkje obligatorisk å møte opp fysisk til studiestart, men vi anbefaler det sterkt. Du får mykje informasjon denne dagen, du får eit første møte med klassen og du får omvisning på campus.

Hugs at du uansett skal gjennomføre digital oppstartsregistrering sjølv om du ikkje møter på campus. Elles mister du studieplassen din. 

Digital oppstartsregistrering gjer du her. Du vil få ein oppstartskode på SMS på morgonen. 

Korleis finn eg fram til/på campus?

Når kan eg semesterregistrere meg?

Du får ein PIN-kode på SMS frå oss når du kan registrere deg. Når du har fått PIN-koden loggar du på Studentweb for å registrere deg. 

Siste frist for å semesterregistrere deg er 1. februar, men du bør gjere det så fort du får SMS frå oss slik at du får studielån, studentbevis med meir.

Vi har laga ei oppskrift på korleis du semesterregisterer deg.

Eg har oppstartsregistrert meg, må eg også semesterregistrere meg?

 Ja, du må gjere begge deler, ellers mister du studieplassen din. 

Oppstartsregistreringa er ein bekreftelse frå deg at du ønskjer å starte på studiet. Det er for at vi skal kunne gje plassen vidare dersom du har ombestemt deg. Oppstartsregistreringa gjer du første dagen. 

Semesterregistrering vil seie at du melder deg opp til undervising og eksamen for dei emna du skal ta. Du semesterregistrerer deg kvart semester du er student. Semesterregistreringa må du gjere innan 1. februar. 

Slik semesterregistrerer du deg.

Studiet mitt krev politiattest, korleis bestiller eg det?

Canvas, kva er det og korleis bruker eg det?

Canvas er ein digital læringsplattform du kjem til å bruke mykje som student. Her finn du all informasjon du treng om emna du skal ta, undervisning og kontakt med forelesarar. Her vil du også finne timeplanen din og pensumlister. 

For å få tilgang til Canvas må du først semesterregistrere deg og aktivere brukarkontoen din.  Merk at det kan ta eit par timar før påloggingen din vil virke! 

Sjekk ut Canvas! 

Kor finn eg timeplanen min?

Du kan sjekke timeplanen via Canvas eller logge inn i TimeEdit

Du må hugse å semesterregistrere deg for å kunne logge inn. Det vil gå nokre dagar frå du har registrert deg, til du får tilgang til timeplanen din.

Du kan også søke opp timeplanen, viss du ikkje har fått innlogging ennå. Da går du inn her og søker opp studiet du skal starte på. 

Kor finn eg pensum?

Viss du har fått tilgang i Canvas, kan du velgje pensumlenken under det aktuelle emnet.

Du kan også søke opp pensum i HVL sitt pensumlistesystem.

Viss du ikkje vet kva emna du skal ta heite, kan du enten finne det i utdanningsplanen din i Studentweb eller søke fram studiet på hvl.no og sjå på emneoversikten.

Når får eg studentkortet mitt? 

For å få eit studentkort ved HVL må du laste opp eit bilde av deg sjølv på mittbilde.hvl.no

Hugs at studentkortet er ditt nøkkelkort til campus, så last opp bildet så fort som mogleg. Kortet er klart 1–2 dagar etter du har lasta opp bilde.

Her finn du meir informasjon om studentkort, kva slags bilde du må ha og korleis du kan hente det ut. 

 

Korleis er det på campus?

Nysgjerrig på korleis det er på plassen du skal studere? Finn ut meir om campusen din!

 

Korleis finn eg meg ein plass å bu?

Som student kan du leige privat eller gjennom studentsamskipnaden Saman. Hugs at det kan vere lurt å sette seg inn i kva slags reglar som gjeld for deg som leigetakar.  

Hybel i Sogndal

Hybel i Bergen

Hybel i Haugesund

Hybel på Stord

Hybel i Førde

Korleis kan eg bli kjend med andre studentar?

Hugs at dei fleste er i samme situasjon som deg, og har lyst til å bli kjend med deg!

På alle campusar finn du ulike studentorganisasjonar og linjeforeninger du kan engasjere deg i, og bli kjend med andre på tvers av studium. 

Vil du ha hjelp til å lykkast fagleg og sosialt? Ved Høgskulen på Vestlandet kan studentassistentane vere med og gi deg ein trygg start på studentlivet. Sjå meir i videoen under.

Les om studentlivet på din campus.

Må eg skrive på nynorsk?

Nei, det må du ikkje. Høgskulen på Vestlandet er opptatt av å bruke nynorsk, men du kan fritt velje den målforma du sjølv ønskjer!  

Kva gjer eg om eg blir usikker på studieval eller kva som er vegen videre?

Det er ikkje uvanleg å bli usikker eller ha spørsmål knytt til studieval eller vegen vidare. Vi har studierettleiarar som kan hjelpe deg!

Les meir om dei ulike tilboda her. 

Korleis kan eg få individuell tilrettelegging?

Funksjonsnedsetting eller andre særskilde behov kan gi deg rett på individuell tilrettelegging.

Hugs på at som ny student er fristen for å søke om tilrettelegging 1. september for haustsemesteret og 1. februar om du byrjar om våren.

Her kan du finne meir informasjon om tilrettelegging.

Korleis melder eg meg opp til eksamen?

Oppmelding til undervisning og eksamen er ein del av semesterregistreringa i Studentweb. Når du godkjenner utdanningsplanen din for gjeldande semester, melder du deg opp til undervisning og eksamen i emna som ligg i planen din. 

Meir om oppmelding til eksamen  

 

Når får eg studielån frå Lånekassen?

Så snart du har fått tilbod om studieplass, kan du søke om lån og stipend hos Lånekassen. Du må oppgi ein utdanningskategori når du søker. For å få utbetalt stipend og studielån må du ha betalt semesteravgift og fullført semesterregistreringa.

Eg har utdanning frå før, kan eg få fritak?

Ja, du kan søke om å få tidligare utdanning innpassa i studiet du skal starte på nå. Vi har eit elektronisk skjema du kan sende inn, men du kan ikkje gjere det før du har fått ein studentkonto. Sjå informasjon om semesterregistrering og aktivering av brukarkonto. 

Du finn meir informasjon her.

 

Lurer du på noko du ikkje fann svaret på?

Chat med boten Mime! Chatten finn du nedst i hjørnet.