Hybel i Sogndal

Hybelen er ein viktig del av studentlivet. I Sogndal er du tett på det meste, og svært mange hyblar ligg plassert slik at du berre har mellom to og ti minutt gå-avstand til høgskulen og sentrum.

Hybel hos Studentsamskipnaden

Studentsamskipnaden SAMAN tilbyr hyblar og leilegheiter, og mange av dei er topp moderne hyblar, bygd i 2013 og 2016. Du er ikkje for seint ute om du treng ein stad å bu i Sogndal, men ver rask med å kontakte Saman!  

Private hyblar

Det finst også eit godt utval med hyblar på privatmarknaden. Hybel.no er ein god stad å leite. Du kan også finne eller søke hybel gjennom lokalavisa Sogn Avis.

Har du barn?

I Studentsamskipnaden sin barnehage får barnet ditt ein trygg kvardag. Frå barnehagen brukar du fem minutt å gå til høgskulen. 

Glade studentar sittande i seng på hybel.