Velkommen som ny student til biblioteket!

Er du ny student ved HVL? I studietida vil du ha stor nytte av biblioteket. På denne sida har vi samla det viktigaste å kjenne til når du startar.

Tilgang og lån 

Som student har du tilgang til bibliotekets digitale og fysiske samling. Som lånekort kan du bruke studentkortet ditt eller studentbevis-appen. Les meir om lånereglar og lånetider

Alle våre campusbibliotek er opne for studentar 7-23. Sjekk våre opningstider for når skranken er betent. 

Finn pensum 

Du finn pensumlister på nett. Eit tips når du har funne lista di: Klikk på tittelen til boka/artikkelen for å sjå kor den er tilgjengeleg i biblioteket/på nett. 

Finn bøker og fornye lån 

Oria søker du etter bøker, artiklar og anna materiale. Der står det òg kor boka og artikkelen er tilgjengeleg. Ved å logge deg inn i Oria kan du sjå kva du har lånt, reservert og bestilt, samt forlenge lån. 

Finn fram på hylla 

Lurer du på korleis du finn fram i biblioteket? Sjå denne videoen for å få tips. Der kan du òg sjå korleis du brukar utlånsmaskinene våre. 

Kopimaskin/skrivar  

Som student kan du kopiere og skrive ut på alle bibliotek. På IT sine utskriftsider kan du lese meir om korleis du gjer dette. Sjekk òg korleis du kan skrive ut frå eiga datamaskin. 

Vi er her for å hjelpe deg! 

Finn du ikkje fram eller er du usikker på kva du skal gjere? Ikkje nøl med å kontakte oss, vi er tilgjengeleg for deg både digitalt og fysisk i skranken.  

Biblioteket hjelper deg også med søking, kjeldebruk, referansehandtering og oppgåveskriving. Dette finn du informasjon om på våre nettsider.  

Bli kjent med HVL-biblioteket

Lytt gjerne på denne podcasten for å få vite meir om kva som skjer på biblioteket.  

HVL Medielab · HVL-bibliotekets tjenester

 

Les òg HVL sine sider om studiestart.

Velkommen til oss!