Låne og bestille

Studentar og tilsette ved HVL samt eksterne lånarar kan bruke biblioteket sine samlingar.

Du og dine lån

Bestilling

Bøker som er ledige på ditt campus, skal du hente på hylla sjølv. Du kan bestille utlånte bøker ved å setje deg på venteliste, og du kan bestille bøker som er ledige på andre campusar. Dersom du treng materiale HVL-biblioteket ikkje har, kan du også bestille dette (fjernlån). Til alt dette brukar du Oria sitt bestillingssystem (logg på Min konto). Du får hentebeskjed på SMS eller e-post når det du har bestilt, er klart til henting. Frå du mottar hentebeskjed har du ein frist på 3 dagar til å hente det du har bestilt.

Merk at det ikkje er mogleg å reservere materiale til ein bestemt dato. Det er heller ikkje mogleg å låne inn pensumbøker eller e-bøker frå andre bibliotek. 

Min konto i Oria og fornying

På Min konto i Oria finn du oversikt over kva du har lånt og bestilt, og du kan fornye lån. Du loggar på Oria-kontoen din med eigen Feide-id. For studentar betyr det studentnummer og -passord. Eksterne lånarar loggar på med e-post som er registrert på brukaren deira eller via Google-innlogging.

Du kan ikkje fornye dagslån eller materiale som har venteliste. For tilsette blir lån automatisk fornya i inntil seks månader dersom det ikkje er venteliste.

Levering

Når lånetida er ute, må lånet fornyast eller materialet leverast. Du kan levere ved eige campusbibliotek eller ved andre campus i HVL. Du kan òg normalt levere bøkene ved ditt nærmaste folkebibliotek eller sende dei i posten.

Kva skjer når lånetida er ute

Som lånar får du ein e-post kvar månad med oversikt over dine lån og innleveringsdato. 

På innleveringsdatoen sender vi SMS eller e-post med påminning om lån som har forfalt.

Du kan fornye lånet dersom ingen står på venteliste. 
Er det venteliste må du levere straks.
Maksimal lånetid er 6 månader. Då må lånet leverast uansett.

Om du ikkje leverer eller fornyar, sender vi desse meldingane:

  • 14 dagar etter forfallsdato får du e-post med varsel om å levere eller erstatte lånet.
  • 21 dagar etter forfallsdato får du e-post med krav om erstatning og låneretten blir blokkert.

    Du har då tre val:
  1. Levere det du har lånt, erstatningskravet blir då sletta.

  2. Kjøpe og levere erstatningseksemplar til biblioteket.

  3. Betale erstatningsbeløpet via deltager.no.

Du må erstatte tapt eller skada materiale. Minstepris per tapt dokument er kr 750,00. Dersom du ikkje leverer, misser du låneretten til kravet er betalt.

Erstatningskrav som ikkje blir betalt, kan bli sendt til inkasso.

Ta kontakt med biblioteket dersom du har spørsmål.

Du og biblioteket

Lånereglar

  • For å låne må du ha gyldig lånekort med rett kontaktinformasjon.
  • Lånaren er personleg ansvarleg for alt lånt materiale, og for at lånt materiale blir levert innan fristen i same stand som det var ved utlån.
  • Lånetida blir oppgitt ved utlån av kvart eksemplar. Materiale lånt fra andre bibliotek følgjer lånereglane til eigarbiblioteket.
  • Lånaren må erstatte tapt eller skada materiale. Minstepris per tapt eksemplar er kr 750,00. Når erstatningskrav er sendt, mister lånaren låneretten inntil purra materiale er levert eller erstatta.
  • Erstatningskrav som ikkje blir betalt, kan bli sendt til inkasso.
  • Brukarar av biblioteket forpliktar seg til å følgje Lov om opphavsrett til åndsverk ved bruk av biblioteket sine trykte og elektroniske ressursar. Brukarnamn og passord er strengt personleg og kan ikkje delast med andre
  • Misbruk av bibliotektenester kan medføre tap av lånerett.

Lånekort

Som student blir du automatisk registrert som lånar ved biblioteket. Studentkortet er også lånekort. Studentbevis-appen kan også nyttast.
Tilsette kan bruka tillsett-kortet som lånekort. Du får det aktivert ved å ta kontakt med biblioteket.
Andre kan bli registrerte som lånarar ved å møte opp personleg og vise gyldig legitimasjon, eller bruke lånekort frå andre bibliotek (må aktiverast).

Lånerett

Studentar og tilsette kan låne bøker og anna materiale på biblioteket. Materiale bibliotektet ikkje eig sjølv, kan bestillast vederlagsfritt frå andre bibliotek. Eksterne brukarar er også velkomne til å bruke samlingane våre.

Sjølvbetening

Du kan sjølv registrere lån på utlånsautomatane våre. Visse typar materiale må registerast i skranken. Automatane bruker du også ved retur av bøker.

Nettstudentar/fjernstudentar

Bur du langt frå campusbiblioteka våre, kan du få bøker og artiklar sendt heim til deg. Ei anna moglegheit er å ta kontakt med ditt næraste folkebibliotek og høyre om dei kan bestille for deg.  

Bestillinga hos oss skjer gjennom Oria og du velger «hjemsending» for å få materialet sendt heim. Dersom du ikkje får opp «hjemsending» som alternativ så må du kontakta ditt campusbibliotek for å bli registrert som fjernstudent. 

Ta kontakt med biblioteket for meir informasjon.

Eksterne brukarar

Alle som vil, kan låne og få tilgang til biblioteket si fysiske samling. Tilgang til den digitale samlinga kan for eksterne brukarar berre skje frå campus. 

Lurer du på korleis du finn fram i biblioteket?

Sjå denne filmen, som viser korleis du enkelt kan søke, finne og låne bøker:

Ser du ikkje videoen? Du må tillate marknadsføringscookiar for å spele av videoen. Endre cookieinnstillingar her

Bli kjent med HVL-biblioteket

Ein podkast som presenter biblioteket sine tilbod:

HVL Medielab · HVL-bibliotekets tjenester