
Velkommen som ny student ved HVL i Bergen
Har du fått studieplass ved HVL? For dei fleste nye studentar vil studiestart vere måndag 10. august 2026.
Eit valfritt oppfriskningskurs i matematikk for nye studentar på ingeniørutdanningane og informasjonsteknologi har oppstart allereie tysdag 4. august. Men sjølve oppstartsarrangementet for nye studentar er 10. august. Arrangementet og resten av oppstartsveka er primært for nye studentar på bachelorprogram og femårige masterprogram. Nye studentar på m.a. toårige masterprogram kan ha oppstart andre dagar.
Program for oppstartsveka i Bergen
Måndag 10. august
09.00–11.00: Møte med studieprogrammet ditt og faddergruppene.
- Oppmøte for Fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS)
- Oppmøte for Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)
- Oppmøte for Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap (FTMS)
11.00–11.45: Velkomstseremoni for studentar, tilsette og fadrar på Kronstadplass.
12.00–13.00: Matservering for studentar, tilsette og fadrar.
13.00–14.00: Utdeling av fadderband.
Om kvelden er det fadderarrangement: Konsert på Kronstadplass.
Tysdag 11. august
Gratis frukost på Kronbar.
10.15–14.00: Fagleg opplegg for alle studieprogram.
10.00-18.00: Studentorganisasjonar, linjeforeiningar, studentdemokratiet og Læringslab har stands på campus.
Fadderaktivitetar:
- Fjelltur (alkoholfri aktivitet).
- Fadderarrangement utanfor campus, som du må ha billett for å delta på. Billettslepp på Instagram i fadderveka.
Onsdag 12. august
10.15–14.00: Fagleg opplegg for alle studieprogram.
10.00-14.00: Studentorganisasjonar, linjeforeiningar, studentdemokratiet og andre har stands på campus.
Fadderaktivitetar:
- Konsert på Forum
- Paint'n sip på Kronbar
- Følg med på @fadderhvl på Instagram for fleire fadderaktivitetar
Torsdag 13. august
10.15–12.00: Fagleg opplegg for nokre av studieprogramma.
10.00–17.00: Saman studentliv har studenttorg i Grieghallen.
Fadderaktivitetar:
- Partybåt
- Konsert på Kronbar
- Dragkaraoke på Fincken
Fredag 14. august
10.15–12.00: Fagleg opplegg for nokre av studieprogramma.
10.00-14.00: Studentorganisasjonar, linjeforeiningar, studentdemokratiet og andre har stands på campus.
12.00: Idrettsdag på idrettsbana på campus.
Fadderaktivitetar om kvelden:
- Konserten Hallaien, på Bergenhus festning. Hugs å kjøpe billett i Canvas.
- Spillkveld på campus.
Laurdag 15. august
- Kl. 12.00: Bading
- Kl. 16.00–21.45: Bar-til-bar (to puljar)
- Helhus på Kvarteret
Søndag 16. august
Fuck cancer-perling og grilling med NITO
Skal du ta master, dykkarutdanning, realfagskurs, forkurs eller vidareutdanning?
Desse utdanningane kan ha oppstart ein annan dag enn 10. august. Oppstartsinformasjon for vidareutdanningar, finn du på nettsida til vidareutdanninga du skal ta. Skal du begynne på ei utdanning som er samlingsbasert, eit toårig masterprogram, dykkarutdanning, realfagskurs eller forkurs til ingeniørutdanning, finn du oppstartsinformasjon her:
Studiestart for masterutdanningar
Informasjon om oppstart for toårige masterprogram vil fortløpande bli oppdatert her. Femårige masterprogram har oppstart 10. august.
Ansvarlig innovasjon og entreprenørskap
Oppstart: 10.8.2026 kl. 09.00
Anvendt datateknologi og ingeniørvitenskap, både datavitenskaplig retning og ingeniørvitenskapelig retning
Oppstart: 11.8.2026
Frivillig oppmøte for fadderaktiviteter: 10.8. kl. 10.30, rom M509
Areal og eiendom
Oppstart: 10.8.2026 kl. 09.00
Bærekraftig energiteknologi
Oppstart: 11.8.2026
Frivillig oppmøte for fadderaktiviteter: 10.8. kl.10.30, rom M509
Helsesjukepleie
Oppstart: 11.8.2026
Innovasjon og ledelse
Oppstart: 10.8.2026 kl. 09.00
Jordmor
Oppstart: 12.8.2026
Klinisk fysioterapi
Oppstart: 30.8.2026 kl. 10.00
Medisinsk laboratorieteknologi
Oppstart: 10.8.2026 (digitalt)
Organisasjon og ledelse
Oppstartsamling: 21. og 22. august 2026
Programvareutvikling
Sjå nettsida til UiB
Økonomi og administrasjon | siviløkonom
Oppstart: 10.8.2026 kl. 09.00
Studiestart for årsstudium, dykkarutdanning og forkurs til ingeniørutdanning
Forkurs, ettårig
Oppstart: 24.8.2026 (Korrigert 16.6.)
Realfagskurs, campusbasert på deltid
Oppstart: 24.8.2026 kl. 08.15, rom B117
Yrkesdykker
10.8.2026 kl. 09.00
Frivillig oppmøte for fadderaktiviteter: 10.8. kl. 10.30, rom M509
Årsstudium i digital økonomi og leiing
Oppstart: 10.8.2026 kl. 09.30
Årsstudium i HRM og ledelse
Oppstart: 10.8.2026 kl. 09.00
Årsstudium i logistikk
Oppstart: 17.8.2026 kl. 08.15
Fadderprogram i Bergen
I 2026 er det fadderveke frå 10. til 16. august. Fadderveka er for studentar på studieprogram som har oppstart i veke 33, enten det er årseiningar eller bachelorprogram. Du vil få utdelt fadderarmband og få plass i ei faddergruppe. Men ver merksam på at studieprogram på masternivå normalt ikkje har faddergrupper. Har masterprogrammet ditt oppstart i veke 33, vil du likevel normalt kunne få fadderarmband og delta på aktivitetene.
Det er ikkje påmelding til fadderveka. På mange av aktivitetane treng du berre å møte opp, men til andre aktivitetar må du kjøpe billett. Følg med på @fadderhvl på Instagram, og last ned appen ORBI.
Sjølve programmet for fadderveka i Bergen, finn du saman med resten av programmet for oppstartsveka (måndag–søndag).
Sjekkliste for alle nye studentar
Følg sjekklista «Gjer deg klar til studiestart», så får du rask tilgang til det du treng ved HVL.
Er du ikkje ny student?
Er du allereie student hos oss? Frå 15. juni finn du tidspunkt for oppstart i timeplanen din. NB! Det kan bli endringar, så sjekk igjen veka før studiestart.
