Fadderordninga i Bergen

Vi oppfordrar deg til å ta del i mykje av det som skjer i faddergruppa og fadderveka, slik at du fort blir kjent med andre!

Som ny student kan du bli del av ei studiumvis faddergruppe, med ein 2. eller 3. årsstudent som din fadder. Dei første dagane blir det ulike sosiale samlingar for faddergruppa, og større samlingar for alle nye studentar.

Fadrane er her for deg! Under faddervekene vil fadrane vere kledde i gule t-skjorter. Så sjå etter gule t-skjorter og faddervekene-logoen, og ikkje ver redd for å oppsøke fadrane dersom du lurer på noko!

Ved studiestart onsdag 15. august vil viktig informasjon bli gitt, og du får utdelt det obligatoriske fadderbandet som er inngangsbilletten til alle arrangementa. Enkelte arrangement krev i tillegg eigen billett. Desse finn du på faddervekene.ticketco.no. Bilettsalet opnar 15. august kl 12.00.

Program i Bergen

Onsdag 15. august: Studiestart

Møt opp på høgskulen kl. 08.00 for å møte klassen og studieprogrammet ditt for første gong. Denne dagen vert det utdelt faddervekeband, og du får møte faddergruppa di og fadrane dine. Faddervekebandet fungerer som tilgangspass og må synast på alle arrangement. Nokre arrangement i faddervekene krev i tillegg eigen billett.

08.00: Oppmøte på idrettsplassen på Kronstad, og fordeling i faddergrupper.

10.00: Offisiell opning av studieåret på idrettsplassen på Kronstad.

13.00: Obligatorisk oppmøteregistrering.

Torsdag 16. august: Byvandring m.m.

10.00: Foredraget «God start» på Kronstad gir deg gode råd om studieteknikk m.m.

11.15: Byvandring og aktivitetar i Bergen sentrum. Oppmøte på Kronstad.

Fredag 17. august: Idrettsdag m.m.

08.30: Enkelte utdanningar har eige opplegg:

11.30-16.00: Idrettsdag på Kronstad, med m.a. fotballturnering og kanonballturnering.

12.00: Veldedighetsløp til inntekt for stiftelsen Vi Tror Deg. 

Det blir servert grillmat og utdelt premiar. Husk å ta med vannflaske, for utan mat og drikke duger helten ikkje!

Lørdag 18. august: Togafest

20.00: Togafest på Det Akademiske Kvarter.
Billett kjøper du på faddervekene.ticketco.no.

Søndag 19. august: Fjelltur

Bergen er byen mellom dei sju fjell. Denne dagen kan du velja mellom tre fjellturar: Fløyen, Stoltzekleiven og Vidden. Fjellturane blir avslutta på Fløyen, der det blir servert grillmat, men ta óg med mat og drikke til sjølve turen. Det vil også vere mogleg å ta Fløibanen til Fløyen. Grip sjansen, og bli med på fjelltur! 

10.00: Vidden er turen for deg som liker å gå lengre fjellturar. Møt opp ved Ulriksbanens nedre stasjon kl. 10.00. 

13.00: Stoltzekleiven er turen for deg som liker bratte og kortare fjellturar. Møt opp ved Fløibanens nedre stasjon kl. 13.00.

14.00: Fløyen er turen for deg som liker å nyta rolege fjellturar med fantastisk utsyn over Bergen by. Møt opp ved Fløibanens nedre stasjon kl. 14.00.

Onsdag 22. august: Organisasjonsdag

11.00-15.00: Organisasjonsdag på Kronstad

På organisasjonsdagen får du møte rundt 80 studentorganisasjonar og gjere deg kjend med kva for organisasjonar som er aktive ved HVL og i Bergen. 

Fredag 24. august: Bar til bar

17.00-22.00: Vi tek deg med frå bar til bar gjennom Bergens vakre gater, og viser deg mange av byen sine utestadar for å gje deg eit innsyn i kva dei har å by på. For å styrka samhaldet i faddergruppene, har vi kostymekonkurranse og andre leikar. 

Laurdag 25. august: Minifestival

18.00: Alle studentar ved Høgskulen på Vestlandet er hjarteleg velkomne til Minifestival på idrettsplassen på Kronstad. Det blir sal av pizza og drikke på festivalområdet. Billettane kan du kjøpe på faddervekene.ticketco.no

PS: For informasjon om buss og bybane, sjekk skyss.no.

Ein god start