Studentar sittande rundt bord i kantina.

Velkommen som ny student ved HVL i Førde

Her finn du oppstartsinformasjon og program for studiestartveka. Vi gleder oss til å sjå deg på campus!

Program for studiestartveka

Er du student på bachelor?

Måndag 15. august

Måndag er det studiestart og velkomstseremoni på campus!

Sjekk kor du skal møte opp:

  • Sjukepleie: Rom Sunnfjord
  • Bygg: Rom Balchen
  • Informasjonsteknologi: Rom Nordfjord
  • Automatisering og Elkraft: Rom Nygård

Program:

  • Kl. 9 får du møte studieprogrammet ditt og bli kjent med lærarar og medstudentar
  • Kl. 11.30 er det lett matservering på campus
  • Kl. 12.30 er det velkomstseremoni på campus
  • Frå kl. 13.30 har studentorganisasjonar stands på campus, og det blir òg fadderaktivitetar

Du må hugse å registrere deg på den digitale oppstartsregistreringa.

Det blir inndeling i faddergrupper, og på ettermiddags-/kveldstid blir det alkoholfritt fadderarrangement.

Tysdag 16. august

Frå kl. 09.00 til 16.00 er det pop-up bokhandel i vrimleområdet. 

Frå kl. 10.15 til 14.00 blir det aktivitetar med fagmiljøa, mellom anna introduksjon av timeplan i Time Edit og digital læreplattform Canvas.

Frå kl. 14.00 blir det fadderaktivitetar, mellom anna volleyball- og fotballturneringar.

Onsdag 17. august

Frå kl. 09.00 til 16.00 er det pop-up bokhandel i vrimleområdet. 

Kl. 10.15-14.00: Fagleg program.

Kl. 14.00–16.00: «Førdetorg» med stands med frivillige organisasjonar og bedrifter som tilbyd aktivitetar i Førde. Her kan du bli kjend med Førde idrettslag, Kulturkortet for Førdestudentar med Sunnfjord Hotell og Førdehuset, Vie andelslandbruk, naturvernforbundet, Klatrehallen, bowlinghallen, Spenst, Puls med fleire.

Frå kl. 14 blir det òg fadderaktivitetar. Frå ca. 15 kl kan du bli med på rafting. Om kvelden blir det quiz.

Torsdag 18. august

Frå kl. 10.15 til 14.00 blir det faglege aktivitetar.

Kl. 14.30-17.30 kan du få med deg rebusløp nær campus.

Fredag 19. august

Kl. 10.15-12.00 blir det fagleg innhald.

Kl. 12.30-14.00 er du invitert til to foredrag i parallelle rom:
A: «God start» ved studentsamskipnaden
B: «Samarbeid mellom helse og teknologi på campus Førde»

Frå kl. 14.00 blir det fadderprogram.

Laurdag 20. august og søndag 21. august

Gle deg til fadderaktivitetar også i helga!

Bli med på fadderveka!

Som ny student kan du bli del av ei faddergruppe med dei du skal studere med. Sjekk ut programmet!

 

Er du student på forkurs, master eller vidareutdanning?

Disse utdanningane har eigne program, og kan ha oppstart ein annan dag enn 15. august. Informasjon vil bli lagt ut her:

 

Er du ikkje ny student?

Er du allereie student hos oss? Då finn du tidspunkt for oppstart i timeplanen din. NB! Det kan bli endringar, så sjekk igjen veka før studiestart. 

 

Bli kjend med campus Førde!

Her kan du nyte friluftslivet på fjell og fjord, gå på konsert eller engasjere deg i idrettsaktiviteter. Det er et summende liv på campus og det er enkelt å bli kjent med de andre som studerer her.


Har du spørsmål? 

Eller chat med ein student! Opent kvardagar kl. 12-16. Chatten finn du nedst i hjørnet. psst. du kan chatte med boten Mime når du vil.

Mellom kl. 08.00–15.00 er du også alltid velkommen til å ringe Servicetorget55 58 58 00.

Servicetorget i Førde

E-post: servicetorget.forde@hvl.no

Telefon: 55 58 58 00