Fadderordninga i Førde

Gjennom fadderordninga og fadderveka gjer vi det vi kan for at du skal få ein god start på studietida di på campus Førde.

Som ny student blir du del av ei studiumvis faddergruppe, med ein 2. eller 3. årsstudent som din fadder. Dei første dagane vil du og faddergruppa di få omvisning på campus og i Førde. Det blir ulike sosiale samlingar for faddergruppa, og samlingar for nye studentar. Vi oppfordrar deg til å ta del i mykje av det som skjer i faddergruppa og fadderveka, slik at du fort blir kjent med andre! 

Oppdatering 12.8.: Vi tilpassar fadderordninga på alle campusar frå og med 12. august grunna den generelle smittesituasjonen. Alle fadderarrangement på dagtid går som planlagt. Alle arrangement på ettermiddag og kveld blir alkoholfrie.

Program

Måndag 10. august: Grilldressparty på Akutten

Tysdag 11. august: Byvandring i Førde

Torsdag 13. august: Rebusløp

Fredag 14. august: Gummibåtrafting i Angedalselva