
Aktiv fritid i Førde
Det er ei rekke tilbod til deg som ønskjer å vere aktiv i studietida i Førde. Du er tett på vakker vestlandsnatur, og har også mange innandørs tilbod å velje mellom.
Kulturkort for Førdestudentar
Studentar i Førde får 50 prosent rabatt på ei rekke kulturtilbod.
Desse aktørane er førebels med i ordninga:
- Konsertar, standup og andre hendingar på Larris scene
- Kino, konsertar og teater i Førdehuset
Vel kategorien «Førde-student» når du bestiller billett og vis studentbevis og kvittering for betalt semesteravgift i døra.
Studentrabatten på 50 prosent er ei prøveordning finansiert av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sunnfjord kommune og Høgskulen på Vestlandet.
Aktiv ute
Ute på campus er det sandvolleyballbane, og her er det fleire turneringar i løpet av året. Gjennom Studentsamfunnet i Førde si friluftsgruppe kan du bli med på fjellturar og ulike aktivitetar.
Byen er omkransa av populære stiar og turfjell. Det er også gode forhold for stisykling.
Ein halvtimes køyretur gir deg tilgang til toppturar med utsikt over Førdefjorden, Dalsfjorden eller Jølstravatnet. To alpinanlegg: Jølster skisenter og Sunnfjord skisenter, samt langrennsløyper på Langeland skisenter ligg innan 20 minutts rekkjevidde.
20 minutt unna finn du Jølstra-elva, der det er gode forhold for rafting og padling.
Aktiv under tak
Likar du å trene innandørs, har du mykje å velje blant i Førde.
Studentane ved HVL har sitt eige studentidrettslag: Førde studentidrettslag-FSI.
Som medlem i Studentsamfunnet har du tilgang til Førdehuset, der du finn idrettshall, svømmehall og uteanlegg. Det blir arrangert felles treningar for fotball, volleyball, innebandy, dans og svømming.
På Førde klatresenter finn du buldring, tauklatring og treningsrom.
Det er to treningssenter i byen: Spenst og Puls.
Førde har to av Norges beste eliteserielag i volleyball, og både dame- og herrelaget har vore i cupfinalen.