Aktiv student i Førde

I Førde finn du eit aktivt og inkluderande studentmiljø, og det skjer mykje i byen med 13 000 innbyggjarar. Korte avstandar mellom hybel, høgskule, studentaktivitetar og natur gjer at du får meir ut av døgnet som student i Førde.

Den beste måten å bli kjent med andre på er å engasjere seg! Bli frivillig på studentkroa Akutten, meld deg inn i ein studentorganisasjon eller ei linjeforening.

Studentkroa Akutten

Du finn studentkroa Akutten i Høgskulebygget, og her kan du bli med på konsertar, hippiefest, oktoberfest, halloweenfest, disco og anna moro. Onsdag er fast quizkveld. Rett utanfor kroa er det grillplass og sandvolleyballbane, og her blir det arrangert festar og ulike arrangement.

Superveka i haustsemesteret er eit høgdepunkt, med konsertar og ulike typar arrrangement.

Studentorganisasjonar

Studentane i Førde har eigne linjeforeninger du kan bli medlem hos. Desse er drive av studentar, og arrangerer både faglege og sosiale arrangement.

Studentdemokrati

Studenttinget er HVL-studentane sitt øvste organ. Studentane er også representert i høgskulestyret og andre organ på høgskulen. Engasjer deg i studenttinget for å vere med å påverke rammene for din eigen studiekvardag.

Studentråda er studentorganet på dei ulike avdelingene, og er det naturlege kontaktleddet ut til klassene og enkeltstudentar.

Artisten Gabrielle på scene, med publikum som strekker hender opp mot scena.