Studentsamfunnet i Førde

Studentsamfunnet i Førde (SiF) er ei sosial foreining for alle Førdestudentane. SiF driftar studentkroa Akutten, og arrangerer quiz, konsertar, temafestar med meir. Gjennom undergruppene sine har dei også faste aktivitetar som klatring, turgåing, gaming og svømming.

Krogjengen på Akutten

Krogjengen er dei frivillige som driv studentkroa Akutten. Som medlem får du opplæring i barverksemd og vakthald, og du får også vere med på fellesaktiviteter og turar gjengen arrangerer i lag. Når du er medlem får du i tillegg rabattert SiF-medlemskap, i tillegg til fleire tilbod.

Studentklatring i Førde

Klatregruppa er eit lågterskeltilbod for dei som ynskjer å klatre ute eller inne i studietida. Alle medlemmer i SiF kan låne klatreutstyr gratis, og det vil med jamne mellomrom bli arrangert brattkortkurs.

SiF Uteliv

Utelivsgruppa er ei gruppe laga for nye, gamle, rutinerte og nysgjerrige turentusiastar ved høgskulen. Både SiF og vanlege studentar arrangerer her felles turar i utmarka i og rundt Førde, og oppmodar alle studentar å bli med.

Førde studentvannsklieklubb – FSVK

Studentsamfunnet leiger kvar måndag symjehallen i Førdehuset for alle høgskulestudentar mellom klokka 21 og 22. I symjehallen er det i tillegg til stupebrett og -tårn ei vannsklie som når ho virker er ganske kjekk.