Helse- og velferdstilbod

Som student har du ulike helsetilbod gjennom Studentsamskipnaden, som helsekasse, helsestasjon og psykososial rådgivingsteneste.

Nokon å snakke med

Studentlivet byr på små og store utfordringar. Treng du nokon å snakke med? Gjennom Studentsamskipnaden kan du snakke med studentrådgivar eller studentprest

Helsestasjon

Helsestasjon for studentar er eit tilbod for deg som treng hjelp, rettleiing eller samtale om spørsmål knytt til samliv og seksualitet. 

Helsekasse

Studentsamskipnaden kan gi økonomisk støtte dersom du får store, uforutsette utgifter i samband med helse utover det Nav, forsikringsselskap eller andre instansar dekker.

Tilrettelegging i studiet

Har du ei funksjonsnedsetting, dysleksi, psykiske lidingar/vanskar eller anna? Vi kan hjelpe deg med ulike typar tilrettelegging for å gi deg ein best mogleg studiekvardag.