Linjeforeninger

Pedagogstudentene

Pedagogstudentene er linjeforeninga for alle som studerer for å bli lærar i barnehage eller skule. Lokallaget har både sosiale og faglege arrangement i løpet av året. Alle arrangement er gratis.

Pedagogstudentene arbeidar blant anna for

  • at utdanninga di skal ha høg kvalitet
  • at du som student skal vere med å bestemme over eiga utdanning
  • at dine rettar som student vert ivateteke
  • at våre utdanningar er praksisnære og profesjonsretta

Medlemskapet er gratis.

NSF Student lokallag Stord

NSF Student er Noregs største studentorganisasjon med individuelt medlemskap, og er den einaste organisasjonen i landet som representerer sjukepleiarstudentar frå alle landets sjukepleiarutdanningar.

Som studentmedlem har du ein unik mogelegheit til å påverke utdanninga di, til dømes i lokallag eller som fylkesrepresentant.

Som studentmedlem kan du også delta på faglege arrangement der du får spennande fagleg påfyll og kan dele erfaringar med sjukepleiarstudentar frå andre stader i landet.