Studenthuset Granheim på Stord

På studenthuset Granheim, som ligg på campus, blir det arrangert temafestar, quiz, konsertar og den årlege «Romstokk»-festivalen.

Granheim er ein del av Studentersamfunnet Stord og blir drifta av studentane. Frå semesterstart august 2021 vil Granheim være lagd til rette for universell utforming.

Studentersamfundet Stord

Studentersamfundet Stord er ein sosial studentforeining for studentar ved Høgskulen på Vestlandet, campus Stord. Samfundet driftar studenthuset Granheim, og arrangerer ulike samkomer i løpet av semesteret. Du blir automatisk medlem når du har betalt semesteravgifta di.