Sykkelutlån på campus Stord

Her finn du lånereglane for utlån av el-sykkel på campus Stord.

Servicetorget Stord organiserer utlån av 3 el-syklar til studentar på campus Stord. Utlån og innlevering går føre seg i Servicetorget sine opningstider kl. 08.00-15.45 (15.00 sommartid).

Syklane er utstyrt med sporingschip, som kan aktiverast ved behov; t.d. viss sykkelen blir stjålet. Klokkeslett for utlån og innlevering skal registrerast før utlån, og maks lånetid er 24 timar.

Før bruk
Fyll ut skjema «Lånereglar for el-sykkel på HVL campus Stord» i Servicetorget. Få utlevert hjelm, batteri, brukarrettleiing og nøkkel til sykkel: I, II eller III.

Ved bruk
Ved bruk av HVL sine el-syklar skal det alltid brukast hjelm og offentlege sykkelreglar skal overhaldast. Sykkelen skal alltid låsast når han ikkje er i bruk. Lås fast i sykkelstativ eller liknande om mulig.

NB! El-sykkelen har motor. Anbefalt at ein øver på campus før ein syklar ut i trafikkert område.

Ved enda bruk
Lås alltid fast el-sykkel i sykkelstativet under halvtaket ved aula. Lever hjelm, batteri, brukarrettleiing og sykkelnøkkel til Servicetorget innan opningstida. Servicetorget lader batteriet klart til ny brukar.

Du reserverer sykkel i Time-Edit.

 


Servicetorget på Stord

E-post: servicetorget.stord@hvl.no

Telefon: 55 58 58 00