
Campus Stord
Høgskuleområdet på Stord har det meste av det du treng i studiekvardagen din.
Lurer du på korleis det er å vere student på campus Stord? Klikk for å utforske campus digitalt.
Har du lyst til å besøke campusen for å sjå sjølv? Ta kontakt, så kan vi hjelpe deg å planlegge eit besøk ved utdanninga du er nysgjerrig på, vise deg om, eller gi deg andre smakebitar.
Studere?
På campus Stord finn du undervisningsrom, bibliotek, læringssenter, arbeidsplassar med og utan datamaskiner, lesesalar, grupperom og laboratorium.
Svolten?
Kantina er open mandag–torsdag kl. 08.00–14.30, fredag 08.00–14.00. Kaffibaren er open til 17.00 tirsdagar og torsdagar.
Parkere?
Det er gratis parkeringsmoglegheiter på campus og fleire ladestasjonar til elbil.
Amme?
Du er velkommen til å bruke kvilerom (UND119) viss du treng ro til å amme. Heng opptatt-skiltet på døra og snu det når du forlèt rommet. Døra har lås.
Stellerom?
Det finner du på UND135.
Teleslynge?
Store auditorium (Und161) har teleslynge.
Sliten?
Du er velkommen til å bruke kvilerom (UND119) viss du treng ein liten kvil. Heng opptatt-skiltet på døra og snu det når du forlèt rommet. Døra har lås.
Låne el-sykkel?
Som student kan du låne ein av våre 3 el-syklar i inntil 1 døgn om gongen. Det gjer turen til butikkar, kino og sentrum lett som ein lek. Reserver sykkel her.
Studentkvardag
Servicetorget på Stord
Ope kvardagar kl. 08.00–15.30 (til 15.00 frå 15. mai til 15. september).
Avvikande opningstid: 27. juni–5. august vil Servicetorget vere stengd, men du kan nå oss på telefon og e-post.
- servicetorget.stord@hvl.no
- Telefon: 55 58 58 00