
Korleis hjelpe ein tenåring med å velje utdanning
Det kan vere ei utfordrande oppgåve å hjelpe ein tenåring med å velje høgare utdanning. I denne guiden gir vi nokre tips til deg som foreldre!
1. Hjelp dei med å utforske interesser og styrker
Det første steget vil vere å få i gang sjølvrefleksjonen. Eit gjennomtenkt val startar med å forstå kva ein sjølv likar (og ikkje likar).
Spør om det er nokre fag dei likar spesielt godt på skulen, eller ein fritidsaktivitet. Er det ei type oppgåve som dei trivst betre med enn andre? Og minst like viktig er det å tenke over kva ein ikkje likar. Om du ikkje toler blod, er kanskje ikkje sjukepleiar vegen å gå.
Eit anna punkt er å tenke gjennom kva eigenskapar og ferdigheiter ein har. Kva føler dei at dei meistrar? Kva er deira sterke sider? Bidra til ein refleksjon om kva dei er gode på, eller vil bli betre på.
2. Sett av tid til å søke informasjon
Det finst veldig mykje informasjon tilgjengeleg på nettet, og mange vegar ein kan gå. Derfor er det lurt å sette av god tid til å sjekke ut kva som finst der ute. For nettopp det kan også vere noko av utfordringa: å finne fram i mengda av informasjon.
Utdanning.no er ei statleg nettside med mykje god informasjon om både yrker og utdanningar. I tillegg har dei jobbkompass og studieveljar. Desse tenestene kan hjelpe tenåringen med å peile seg inn på eit utdannings- og yrkesval.
I tillegg kan du finne dei fleste universitet og høgskular i sosiale medium. Her kan ein både finne informasjon om studia og få innblikk i studielivet. Det er også mogleg å sende inn spørsmål.
Oppmuntre gjerne tenåringen din til å ta kontakt med relevante personar. Det kan vere faglærarar ved utdanninga(ne), studentar eller folk ein kjenner som har tatt utdanninga før. Andre sine erfaringar og tips kan vere nyttige.
3. Snakk om langsiktige mål
Har tenåringen mål eller draumar om kva dei ønsker å bli? Diskuter korleis ulike utdanningar samsvarar med langsiktige mål. Det kan gi klarheit og motivasjon i utdanningsvalet deira.
Er det eit spesifikt yrke dei ser for seg? Eller kanskje ei bedrift dei har lyst til å jobbe i? Det er også lov å ha breiare mål, for å halde moglegheitene sine opne. Då kan ein tenke over andre mål som for eksempel handlar om område (“eg vil jobbe innan økonomi”) eller verdiar (“eg vil hjelpe andre”).
4. Inspirer til å våge å tenke utradisjonelt
Generelt blir vi menneske påverka av kva folk og samfunnet rundt oss tenker og gjer. Oppmuntre tenåringen din til å tørre å velje annleis. Menn kan bli sjukepleiarar, kvinner kan bli ingeniørar og alle har moglegheita til å velje akkurat det dei sjølv vil. Minn dei også på at viss dei vel utdanninga dei helst vil, så vil dei bli kjend med andre med dei same interessene.
5. Oppmuntre til å besøke campus
Livet på campus er heilt spesielt. Fysiske besøk kan hjelpe med å gi ein følelse av om dette er ein stad ein kjem til å trivast. Dei fleste studiestader tilbyr omvisingar, karrieredagar eller liknande.
6. Ufarleggjer tanken om at det er lov å endre meining
Minn tenåringen din på at planar kan endre seg, og at det aldri er for seint å ta eit nytt val. Mange studentar endrar studieretning eller karrierevegar undervegs. Det er heilt greitt. Studietida er gjerne ei tid der ein lærer seg sjølv betre å kjenne. Ein kan oppdage at det ein trudde ein likte, likevel ikkje var noko å gå vidare med.
Veldig mange unge er redde for å velje feil. Men når det gjeld utdanning, finst det mange moglegheiter til å gjere nye val. Framtidsutsiktene vil ikkje ta skade av det.
7. Tenk på timing
Føler tenåringen seg klar for å starte å studere? Eller hadde det vore fint med eit år på folkehøgskule, i jobb, eller liknande? Å velje ei utdanning kan vere ein modningsprosess for mange, og det er ikkje sikkert dei veit kva dei vil når dei er ferdig med vidaregåande. Då kan det vere lurt å skaffe seg ulik type erfaring.
8. Lytt
Som foreldre kan det vere lett å tenke at du veit best. Nokre gonger kan ein vere ueinige om kva ein føler er det riktige valet. Rettleiinga di er verdifull, men den endelege avgjerda er deira.
Open kommunikasjon og forståing spelar ei sentral rolle. Ved å gi rettleiing samtidig som du respekterer at dette er ungdommen din sitt val, kan du hjelpe dei med å velje vegen vidare.
9. Råd dei til å stole på instinkta
Minn tenåringen din på å stole på instinkta sine. Oppmuntre dei til å lytte til både hovudet og hjartet sitt.