Automatiseringsteknikk

Bachelor, høsten 2017

Nesten alt elektronisk utstyr inneheld mikrokontrollarar, alt frå bilar til vaskemaskiner og leikar. Ein automatiseringsingeniør kan konstruere, drifte og vedlikehalde automatiserte system. Dette er system som hentar data frå sensorar, og som overvakar, styrar og regulerer prosessar etter bestemte reglar og mål. Ein ingeniør med utdanning innan automatisering er godt rusta til å identifisere driftsproblem og finne løysingar.

Utdanninga i automatisering gir ei god innføring i grunnleggande ingeniørfag, som generelle datafag, elektrofag, instrumentering og programmering av mikroprosessorar og PLS-ar. Studiet gir deg kunnskapar innanfor fagfeltet automatisering, med særleg vekt på instrumentering av større system, teoretisk og praktisk reguleringsteknikk, PLS-programmering, industrielle datasystem og industriell kommunikasjon.

Undervisningsmåtar

Arbeidsformene som blir vektlagde er forelesningar, rekneøvingar og laboratoriearbeid, der det kan inngå både gruppearbeid og sjølvstudium. Laboratorieoppgåvene i elektrofaga kan vere målingar på enkeltkomponentar, praktisk drift av utstyr eller simulering på datamaskin. Det er lagt til rette for bruk av eigne, berbare datamaskiner i dei fleste faga.

Den avsluttande bacheloroppgåva blir til vanleg utført i grupper på 2-4 personar. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørmessig arbeidsoppgåve, og samarbeidet med industrien er godt. Mange av studentane tar den avsluttande bacheloroppgåva i ei bedrift i regionen.

Kva kan du jobbe med?

Ein automatiseringsingeniør vil ofte samarbeide med fagfolk frå mange ulike fagfelt i større prosjekt, men må også ha evna til å arbeide sjølvstendig.

Dei viktigaste arbeidsområda for ein automatiseringsingeniør er olje-/prosessindustri, elektromekanisk og elektronisk industri. Mange arbeider også med dagleg drift i verksemder med automatisert materialbehandling og/eller driftsanlegg.

Utveksling

Utdanninga samarbeider med utdanningsinstitusjonar i Canada, Storbritannia, Sveits, Spania, USA og New Zealand. Om du ønsker det, kan det leggast til rette for at du kan ta bacheloroppgåva i utlandet.

Kor kan du reise?