Undervassteknologi

Master, høsten 2017

Framtida for olje- og gassindustrien er ikkje på plattformane i Nordsjøen. Den er under vatn, eller "subsea". I framtida er det havbotninstallasjonar som vil gi oss tilgang til reservoara som gøymer seg i djupet.

Mastergradsprogrammet er toårig og er eit samarbeid mellom NTNU i Trondheim og Høgskulen på Vestlandet. Studentane oppheld seg i Trondheim det første året, og i Bergen det andre året. NTNU er fagleg ansvarleg for studiet og tildeler mastergraden. For meir informasjon om studiet, sjå NTNU sine nettsider .

Masterprogrammet i undervassteknologi er ei tverrfagleg sivilingeniørutdanning. Det egnar seg som påbygging blant anna for deg som er ingeniør med bachelorgrad innan maskinfag, marinteknikk, undervassteknologi, elkraft, automatisering eller energiteknologi.

Vel du denne utdanninga, vil du blant anna tileigne deg kunnskapar om olje- og gassutvinning, marine operasjonar, materialteknologi og korrosjon, sikkerheit og pålitelegheit.

Masteroppgåva er på 30 studiepoeng og gjennomførast i siste semester. Både masteroppgåva og andre prosjektoppgåver vil som oftast bli gjennomført i samarbeid med relevante bedrifter. Utdanninga har tette band både til næringslivet og til ekspertsenteret NCE Subsea.

Utdanninga er tverrfagleg, og bygd opp rundt emne innanfor industrielle tenestar, kvalitet, drift og vedlikehald, tilstandsovervaking, risiko og styring.

Det er både obligatoriske og valbare emne. Som student står du relativt fritt til å setje saman din eigen fagkombinasjon avhengig av interesser og forkunnskapar. Men dei valbare emna må godkjennast på førehand.

I evalueringa inngår prosjektoppgåver, øvingar og slutteksamen med ulik vekting.