Automatiseringsingeniør

Bachelor, hausten 2018

Er du interessert i elektronikk og data? Då er automatiseringsingeniør noko for deg! Studiet er praktisk retta, og du får utfalde deg på ingeniørlaben vår. Som elektroingeniør blir du ettertrakta på jobbmarknaden.

Du lærer om

  • automatiseringsteknikk som plasserer deg midt i skjeringspunktet mellom data og elektro
  • elektronikk, data, styrings- og reguleringsteknikk, instrumentering og måleteknikk
  • data som hjelpemiddel, programmering, regulering, datainnsamling og datalagring

I tredje studieår kan du spesialisere deg innan til dømes byggautomatisering eller energiteknologi.

Prosjektoppgåver og bacheloroppgåve skjer i samarbeid med næringslivet, noko som gir deg ein unik sjanse til å komme i kontakt med framtidige arbeidsgivarar.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, gruppearbeid, laboratorieøvingar og prosjektarbeid. Vi gir deg tett oppfølging gjennom heile studiet.

Praksis

Det siste studieåret kan du ha praksis i ei av våre samarbeidsbedrifter.

Kva kan du jobbe med?

Som elektroingeniør arbeider du med forbetring av eksisterande teknologi og utvikling av nye teknologiske løysingar.

Du kan jobbe innan

  • databransjen eller andre høgteknologiske bedrifter
  • oljebransjen, både offshore og på land

Det er stort behov for ingeniørar i næringslivet. Studentane våre er ettertrakta, og dei aller fleste får gode jobbtilbod før dei er ferdig utdanna.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 4., 5. eller 6. semester.

Kor kan du reise?

Sjå korleis det er!