Energi

Master, hausten 2019

Master i energi gir deg spisskompetanse i ei eller fleire former for energiteknologi og ei brei innføring i fornybar energi og energisystem.

Masterprogrammet i energi, studieretning energiteknologi, er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Universitetet i Bergen (UiB). Ved HVL tilbyr vi to spesialiseringar/tema: Termiske maskiner og elkraftteknikk. I tillegg tilbyr vi rettleiing innan temaet solceller.

Termiske maskiner: Energiressursane er avgrensa. Korleis kan vi utnytte dei enda betre og med lågare utslepp? Gassturbiner, Stempelmotorer og Stirling-motoren er eksempel på termiske maskiner som omgjer termisk energi til arbeid.

For deg som er utdanna ingeniør, gir studiet spesialisering innan energiteknologi, og i særleg grad termiske maskiner. Både teoretiske og praktiske emne inngår i utdanninga.

Masterprogrammet med spesialisering i termiske maskiner gir kompetanse innan dei nyaste maskintypar for framdrift og energiproduksjon på ulike drivstofftypar. Du vil få god kjennskap til vitskaplege arbeidsmåtar, og få trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver.

Elkraftteknikk: Elektrisitet som energiberar er effektivt, rimeleg og svært brukande. Vi står overfor ei stor utvikling innanfor fornybar energiproduksjon, og elkraftteknikken vil ha ei svært sentral rolle i denne utviklinga.

Elkraftteknikk er eit svært sentralt område innanfor dei fleste former for energiteknologi. For deg som er utdanna elkraftingeniør med bachelorgrad, vil studiet gi ei fordjuping innanfor generelle energisystem, høgspenningsteknikk, vasskraftsystem samt drift og stabilitet av elkrafttekniske system.

Masterprogrammet gir god kjennskap til vitskaplege arbeidsmåtar samt trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver.

Solceller: Solenergi er eit av dei primære vala for å møte den forventa elektriske energietterspurnaden. Intensiteten i installeringa av solcellepanel aukar på verdsbasis og prisane til solcelleteknologi begynner å bli konkurransedyktig samanlikna med andre fossile energikjelder. Sjølv om silisium-basert solcelleteknologi er dominerande på marknaden, vekker nye generasjonar av solcelleteknologi bygd på billege og fleksible løysingar stor interesse blant forskarar og industri.

Masterprogrammet med spesialisering i solcelleteknologi vil gi kompetanse innan nanomateriale for PV-industri (Photo Voltaic), syntese og karakteriseringsmetodar av nanostrukturar, fabrikasjon og testing av nye generasjonar av solceller. Programmet satsar på innovasjonar av ny type solceller basert på nanomateriale og organiske polymerar.

Som masterstudent vil du bli del av ein fortveksande fornybar energi-sektor. Det vil bli stadig behov for spesialistar i solcelleteknologi som er i stand til å kanalisere sine ferdigheiter i forsking og utvikling.

Undervisningsmåtar

Universitetet i Bergen er ansvarleg for opptak til studiet, og tilbyr også fleire spesialiseringar enn termiske maskiner og elkraftteknikk.

Det toårige masterprogrammet er sett saman av emne/kurs og ei masteroppgåve. Emnedelen består av ulike emne ved HVL og UiB. To av emna (20 studiepoeng) er obligatoriske, og felles for alle studentar. Universitetet i Bergen tildeler mastergraden.

For meir informasjon, sjå http://www.uib.no/studieretning/MAMN-ENTEK#studieplanstudiets nettside på UiB.

Kva blir du kvalifisert for?

Termiske maskiner: Behovet for kompetanse innan nye teknologiar på dette fagfeltet er aukande i takt med aukande effektivitets- og miljøkrav, og gjer kandidatar frå programmet ettertrakta i ulike delar av næringslivet, særleg innan maritim sektor og olje-, gass- og energisektoren. Etter kvart som du opparbeider deg arbeidserfaring, vil du kunne søke deg til leiarstillingar.

Elkraftteknikk: Behovet for kompetanse innan elkraftteknikk er aukande, og gjer kandidatar frå programmet ettertrakta i ulike delar av næringslivet og i energiforsyningsbransjen. Etter kvart som du opparbeider deg arbeidserfaring, vil du kunne søke deg til leiarstillingar.

Solceller: Den internasjonale karakteren av både programmet og deltakarane vil tillate deg å jobbe i internasjonale omgivnader og skape eit verdsomspennande nettverk for den framtidige karrieren di. Behovet for kompetanse innan fornybar energiteknologi er aukande, og gjer kandidatar frå programmet ettertrakta i ulike delar av næringslivet.

Kor kan du reise?