Studieplan - Forkurs for ingeniør- og sivilingeniørutdanning

Kull hausten 2019

Forkurset sitt offisielle namn er "Ettårig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter nasjonal plan utarbedet av Universitet og høgskolerådet" med kortforma "forkurs for ingeniør- og sivilingeniørutdanning" .


Forkurset er basert på "Nasjonal plan for eittårig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag og tilhøyrende halvårig realfagskurs" utarbeidd av Universitets- og høgskolerådet ved Nasjonalt råd for teknologi i 2014.

Fullført og bestått forkurs etter denne planen gir særskilt opptaksgrunnlag til 3-årig ingeniørutdanning (bachelorgradsstudier i ingeniørfag etter rammeplan av 03.02.11) og til integrerte masterstudium i teknologiske fag.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Kandidaten har brei kunnskap om sentrale emner og problemstillingar i matematikk, fysikk, kommunikasjon, norsk samt samfunnsfag, på ein slik måte at kandidaten er vel kvalifisert for å gjennomføre ei høgre teknologisk utdanning.
  • Kandidaten har god kunnskap om grunnleggande teoriar, metodar og begrep innafor dei aktuelle fagområda.
  • Kandidaten har kunnskap om fagenes grunnlag for høyere teknologiutdanning.

Ferdigheiter

  • Kandidaten kan analysere fagstoff og trekke eigne slutningar minst på lik linje med andre som er kvalifisert for ei høgare teknologisk utdanning.
  • Kandidaten kan anvende faglige kunnskapar på praktiske og teoretiske problemstillingar på en relevant måte.
  • Kandidaten kan søkje, behandle og vurdere informasjon kritisk.
  • Kandidaten beherskar relevante faglege verktøy.

Generell kompetanse

  • Kandidaten kan planlegge og gjennomføre sjølvstendige arbeidsoppgåver og utføre prosjektbasert arbeid, både åleine og i samarbeid med andre.
  • Kandidaten kan gjennomføre praktiske øvingar og utarbeide rapportar i samsvar med naturvitkapleg arbeidsmetode og funksjonell bruk av språk og struktur.
  • Kandidaten kan reflektere over eigne faglege kvalifikasjonar som grunnlag for vidare val.

Innhald

Forkurset skal ha eit omfang som tilsvarar eitt studieår, dvs. 1600-1700 klokketimar. Med omfang meiner ein her eleven sin totale arbeidsinnsats, som deltaking på undervisning, eige arbeid, arbeid saman med andre elevar, øvingar, førebuing og gjennomføring av prøvar osv.

Følgjande fag inngår:

  • Matematikk med eit omfang på 40 % av eit heilt år
  • Fysikk med eit omfang på 25 % av et heilt år
  • Kommunikasjon og norsk med eit omfang på 25 % av eit heilt år
  • Teknologi og samfunn med eit omfang på 10 % av eit heilt år

Det kan bli gitt fritak for enkelte emne i forkurset på grunnlag av tilsvarande oppnådde kvalifikasjonar. For å kunne søke på "forkurskvoten" for bachelor ingeniør er det ein føresetnad at alle emne i forkurset er avlagt og bestått.

Arbeidsformer

Undervisninga har variert form, frå vanleg klasseromsundervisning til meir studentaktive former som gruppearbeid, prosjektarbeid og laboratorieøvingar. Det vil bli lagt stor vekt på studentaktive læringsformer.

Vurderingsformer

Det er krav om minst 75% oppmøte til all undervising i kvart enkelt emne.

Sluttvurdering

Vurderingsordninga går fram av kvar emneomtale. Der ikkje anna er gitt, blir det brukt bokstavkarakterar (A ¿ F, med E som dårlegaste ståkarakter). Hjelpemiddel til eksamen er også oppgitt for kvart enkelt emne. Enkel kalkulator vert definert som kalkulator utan minne, eller med minne som lett kan slettast (resettast). I emna vil ein del av sluttkarakteren vere basert på mappeevaluering.
Ei mappe er ei samling av ulike element som totalt sett skal gi ein karakter. Dette kan være innleveringar, prøvar og obligatorisk arbeid. Mappa skal representere arbeid som er gjort i løpet av semesteret eller året, og dei ulike elementa vil ha ulike fristar. Kva element som ligg i ei slik mappe vil variere frå emne til emne. Studentar som stryk eller har gyldig grunn til ikkje å levere mappe eller prosjekt som grunnlag for sluttvurdering, har høve til å levere ny mappe innan utgangen av påfølgjande semester med basis i eksisterande mappe supplert med nye oppgåver. Studentar som ynskjer å forbetre karakteren vil ha høve til dette ved første ordinære gjennomføring av mappa, og med ny oppgåve.