Studieplan - Idrett, 1. år bachelor (Idrett årsstudium)

Kull Hausten 2019

Studiet er eit årsstudium som kan inngå i bachelorstudiet i Idrett, fysisk aktivitet og helse, bachelorstudiet i Idrett og kroppsøving eller bachelorstudiet i Friluftsliv. Studiet er retta mot personar som ynskjer å undervise i kroppsøvingsfaget i grunnskule og vidaregåande skule, eller som ynskjer å ta ei friluftslivs eller idrett- og helseutdanning ved HVL, campus Sogndal eller andre institusjonar. Målgruppa er og personar som ønskjer å arbeide med frivillig idrettsarbeid. 

Læringsutbytte

Etter fullført idrett 1. år bachelor skal kandidaten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten:

  • kan forklare og drøfte sentrale tema og problemstillingar innan fagområda idrett og samfunn, aktivitetslære, rørslelære, anatomi, motorisk læring, treningslære og undervisningslære
  • har brei kunnskap i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike dugleiksnivå

Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan vise ferdigheiter, forklare, anvende, observere, analysere og reflektere over sentrale element i praktiske aktivitetar
  • kan vise ferdigheiter i høve til planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike dugleiksnivå

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan anvende og formidle sentrale tema og problemstillingar innan fagområdet idrett
  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver aleine eller saman med andre

Innhald

Det er tilnærma like mykje undervisning i teoretiske og praktiske emne.

Studiet inneheld følgjande emne:

  • Rørslelære, anatomi, motorisk læring, 10 sp
  • Idrett og samfunn, 10 sp
  • Undervisningslære, 10 sp
  • Aktivitetslære, 15 sp
  • Treningslære, 15 sp

Praksis

Skulepraksis for idrett går over 14 dagar. Grunnskule, vidaregåande skule eller folkehøgskule.

I praksisperioden skal studenten:

  • erfare kva som vert kravd av planleggingsarbeid i kroppsøvingsfaget
  • prøve ut praktisk ulike arbeidsmåtar og undervisningsmetodar
  • organisere aktivitetar
  • erfare kroppsøvingslærarrolla i praksis
  • reflektere over eigen og andre si undervisning

 

Krav til greidd praksis er at studenten:

  • viser evne til å planlegge, gjennomføre og reflektere over eigen undervisning og gjennomføre pålagde oppgåver
  • viser evne til samarbeid, møter presis til avtala tidspunkt og gjer pålagte oppgåver

Arbeidsformer

Hovudarbeidsforma i dei teoretiske emna vil vere førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. I dei praktiske timane vil det metodiske grunnlaget vere sentralt, saman med fagkunnskap, eigendugleik og mestring av sentrale element i dei ulike aktivitetane. Praktisk og teoretisk lærestoff blir integrert i timane.

Studentane har arbeidskrav knytt til praktisk aktivitet, praksis, framleggingsoppgåver og innleveringsoppgåver gjennom studiet. Arbeidskrava skal stimulere til større eigenaktivitet.

Vurderingsformer

Skriftleg individuell eksamen, skriftleg heimeeksamen, individuell praktisk-metodisk eksamen. Sjå også emneomtalane.